24.11.2010

Hjelp!

Ja, det var akkurat det eg tenkte når eg kom heim i dag. Eg hadde sett Freya i buret og ho var aleine heime. Eg sat i underetasjen og studerte og så gjekk eg ein liten tur på butikken, og ho var heilt roleg. Men når eg låste opp ytterdøra kom det springande ei glad jente med ein svært så logrande hale..... Uff, ja ho hadde altså fått opp buret! Korleis dette har skjedd veit eg ikkje, men ho har nok rikla med det slik at det har gått opp....ingenting tyder på herjing el noko, og det kan jo hende eg ikkje sette det heilt på plass. No er dette eit europrisbur, men det ser no greitt ut då...? Til saman var ho i buret i omlag tre timar, noko ho har vore før. Men får følgje ekstra godt med før vi evt får fiksa ein litt lenger låsepinne. Sjølv virka ho veldig så fornøgd!

Ellers har ho lært å sitje å gi labb! Det er så artig får no kjem ho med lappen ofte i håp om å få noko....

23.11.2010

Sosialisering

                           

I går var Harald på kvalpesosialisering for første gong med Freya. Ho fekk gå laus medan dei andre hundane måtte ha band på seg. Dette gjekk veldig bra, og han som hadde kurset sa at ho virka veldig trygg og at ho hadde nok møtt ein del hundar før:-) Ros til deg, Marianne!

Men når ho kom heim lukta ho bæsj og hest og var våt og skiten.....då dusja eg ho. Protesterte ho? Nei, ho stod så fint, så å ha hundane i badekaret gjorde susen, Marianne!

Syns ho byrja å bli litt forkjøla, ho har hosta litt.....Er dette normalt og kva bør eg vera merksam på?

Ellers går det bra. I natt har vi hatt soveromsdøra lukka....gjett om det var godt å sova med frisk luft igjen! No ligg ho i buret mellom to og tre timar frå morgonene av, så får ho ein pause før ho sit ein til to timar igjen. Det går fint!

Men hjelpe meg som ho veks, det er mest som du kan sjå det;-) Det nærmar seg vel chip og vaksine snart, var det noko meir?

21.11.2010

Freya vert større.

Berre på den veka vi har hatt Freya så kan vi sjå ho er blitt større. Det er så som så med apetitten, men ho ete omlag 50 g tørrfòr tre til fire gonger. Er dette nok? Harald vegde seg først så tok han Freya med på vekta og då var ho 4, 5 kg.

Ho er ikkje glad å gå ut i mørke...då stritter ho i mot det ho kan. Med refleksvest på vert det heile komplett kaos! Då legg ho seg flatt ned og nekter.... Det er litt jobb som ligg føre oss når det gjeld å gå i band.

I morgon skal vi byrje på kvalpesosialiseringskurs, og det vert spennande.

19.11.2010

Ballen med det rare i...

Besøk i båten

I dag har vi teke med oss Freya til båthamna. For første gong fekk ho vera i buret i bilen, noko som ikkje var så pop..... men når vi kom fram til båthamna gjekk det veldig fint, ho gjekk til og med på flytebrygga som var med gitter, ein smal tarm som førde ut til båten. Ho var skeptisk, men med litt pølse gjekk ho med på det. Så løfta vi ho opp i båten og der var det litt betre. Gleder oss til våren igjen så vi kan ta ho med.

Ellers fekk ho gåve av Rafi i dag. Ein slik leike som vi fyller med noko godt, og den var god!!!! Rafi, som er ein breton, er så kjekk og Freya blir så vill. I dag i ein vilter leik, trakka Rafi på Freya og då vart ho litt redd, men kanskje greitt at ho ser at ho må ta det litt med ro?

Ho er utruleg oppfinnsom når ho skal leike inne. Ho styrer på...flytter leikene frå buret og utpå teppet sitt. Held på å le meg ihjel av ho! Har filma ho, men det må eg setje meg inn i først så får vi sjå om eg greier å få til noko.


18.11.2010

Dagane går


I dag har vi vore ein liten tur til stranda igjen, og det er kjekt. I dag var vi på ei anna strand, og det vart litt skummelt når sjøen laga lyd.... Men Freya gjekk laus, men var heile tida i nærleiken av meg. Når eg akkurat hadde teke bandet på ho så kom der jammen ei lita tispe som ville helsa på meg. Det gjekk kjempefint, sjølv om dei var i band. No har ho helst på tre ulike hundar desse dagane.



I natt gjekk det bra, buret var tørt og vi høyrde ingen lydar. I dag har ho vore aleine i stova inni buret i to omgangar, først to timar så ein pause på halvannan time for deretter å vera aleine i ein time. Men ho var litt vilter når eg sette ho inn i buret, noko som gjorde at ho klynka litt ei kort stund. Så det gjer vi ikkje ein gong til!




No har eg fått helsa på kaninen og den hadde flott hus, men eg kom ikkje heilt inn.......



No er eg og blitt betre kjend med katten, men vi er ikkje perlevenner enno!

Freya likar å bite, så det må vi jobba med. Og utruleg bra du skreiv om fuglane, Marianne at vi ikkje skal stoppe opp å sjå på fuglane, for det var ein del fugl nede ved sjøen. Det vart ikkje noko av parkeringshuset i går, vi dro til Olabesten i staden så då fekk eg bli kjend med nye folk! I morgon trur eg vi må ned i båthamna å sjå, kanskje vi kan gå oppi båten vår?

Men det går bra her hjå oss og vi glede oss til det blir helg for da kan vi ut å kose oss ekstra!

17.11.2010

Utruleg...så langt!

Ja, no har vi hatt Freya heime her i 4 dagar og vi er kjempenøgde! Ho er så snill og grei at eg tenker kor tid snur det? Men no har ho lagt aleine i stova i to netter utan å ha tissa eller bæsja! Vi er like sjokka kvar gong. Det hjalp og ikkje gje ho så mykje mat og drikke for seint om kvelden, Marianne! Vi ligg på soverommet vårt, men vi har døra open...sålei høyrer vi ho lett. Då har vi lagt ho inni buret i 23 tida og så vaknar ho når vi står opp i seks tida. Då er det ut på do for deretter og vekke Håvard og Marie....og då går halen skal eg sei. Vidare får ho vera ilag med oss fram til i åttetida. Ho får mat litt før slik at vi rekk ein liten tur ut. Så er det inni buret og då er ho trøytt allereie så det går greitt.

Vi har sløkt alle lys og så set vi radioen på og så har vi vore nede i kjellarstova. I dag har ho vore ein time aleine, og ikkje ein einaste lyd. Så no har ho lege der i halvannan time, heilt stille. No byrjar ho å vakne medan eg sit her og skriv ved sida av ho. No skal vi ut ein liten tur i solskinnet. Eg vil ikkje gjere så veldig store sprell om føremiddagen då ho skal vera alein i denne tida.

Ellers må vi få øva på å kjøyra bil i bur, det har vi ikkje prøvd enno. Ellers har Harald jobba litt med "hundeskolen" til marianne. Men no har det seg slik at han kunne gå på jobb i dag då min rygg ikkje vil samarbeida med meg i det heile. Var hjå kiropraktor i går, men kan omtrent ikkje bøye meg eller gå i trapper:-( Så no skal eg vera heima nokre dagar, men Harald får ta over etter det, såleis får vi ein mjukare overgong til kvardagen. Men eg syns det er pyton å vera heima, men med Freya vert det sikkert kjekkare.

Må også få nemna at ho har allereie helst på to hundar. Ho elskar hundar! I tillegg ser vi at ho er svært glad i menneske, både når vi har besøk eller møtar andre ute. Då vil ho bort og helsa på alle! I dag tenkte vi å ta ho med i parkeringshuset og innom dyrebutikken.

14.11.2010

Bli kjent

Ja, da var ein ny dag snart over. I natt gjekk det ganske bra, men måtte ut to gonger. Vi låg i stua og eg låg ved sida av buret slik at eg nådde handa bort til ho. Ho var nok litt meir uroleg i natt, men svært lite. Eg ignorerte henne. Men når klokka var 07.30 stod vi opp då dette er ei tid vi vil vere oppe til kvardags. Ho hadde ikkje tissa i buret i natt, men tissa ein gong på golvet med ein gong ho kom ut av buret.

Ho har sove ein god del i dag...så eg er spent på natta. Men vi har vore nede til sjøen og ho har gått laust i heile dag. Ho har sprunge og kost seg ute. Eg er redd for at ho skal stikke av, men vi har fora ho med skinke dei gongene ho kom til oss. Eit godt tips dette, Marianne!

Men i mørket er det meir skummelt..... Då set eg meg berre rett ned og vil helst berre inn med ein gong. Eg har band på ho om kvelden for då er eg ekstra påpasseleg.

Ellers har ho fått leike med ein 6 års gammal gut...og då var det texas gitt!

Men magen har vore fin så langt, men ho søv som sagt ein del og drømmer litt......eg seier til Harald: Trur du ho lengtar etter mammo si? Uff, ja eg syns det er trist eg...tenker liksom så mykje unødvendig på slikt og syns synd i ho. Men ho har det godt her då og ho har vist at ho er trygg med oss.

Ellers prøvde vi å gå frå henne i 5 min inne i buret og det gjekk kjempefint så i morgon får Harald berre gå igang med aleinetreninga. Ellers skal han kjøpe kost og starte på "kurset" til Marianne.

Nei no skal eg kose litt før ho legg seg for natta!

13.11.2010

Endeleg heime igjen!

Ja, da har vi endeleg komen heim etter 15 timar bilkjøring fordelt på to dagar.

Vi kom ned til Marrianne og Kevin fredag om kvelden og der var det full guff på alle hundane. Så store dei var blitt! Vi koste oss og når det var blitt gjespetid gjekk vi å la oss. Eg hadde Freya i buret inne hos oss og det gjekk kjempefint. Eg stakk nokre fingrar inn til ho innimellom når ho rørte litt på seg. Når klokka var litt over åtte vakna ho og vi stod opp. Ho hadde nok tissa litt iburet, men ellers var ho sååååå flink!

Før vi skulle reise i dag  gjekk alle saman ein tur i skogen. Då vi tok til å køyre sovna ho med ein gong....og slik var det heile turen. Ho tissa ein gong på teppet sitt, men ellers tissa og bæsja ho dei gongene vi stoppa og lufta ho. Men ho sov når vi kjørte1 Ho har til og med tatt to ferjer i dag!

Når  vi kom heim var det ei anna som venta på oss, så da var allereie møtet med katten gjort, men trur vi får ta resten i morgon.... Men det gjekk ganske fint. Så når Harald henta buret spratt ho inni det før han hadde fått sett det ned :-)

Nei, så langt er eg utruleg imponert over den første dagen! No skal vi ut på lufting....for det første ho gjorde når ho kom inn var å bæsje...No er det MAT og den tar vi ute! Glede meg til i morgon!!!

11.11.2010

1 dag igjen.....


Ja, da var det siste kvelden før vi skal kjøre i morgon for å hente Freya. Ute bles det som verst, men det skal roa seg utover dagen i morgon.... Vi kjører over fjellet, då meldingane ser greie ut!

I dag har vi handla inn siste rest så no er vi klare! Katten går no rundt og håpar på smakebitar av det nye fòret...det var godt det! Ja, ho skulle berre visst kva som venter...har til og med vore inne i buret ein tur :-)

---------G-L-E-D-E --------------M-E-G-------------------M-A-S-S-E-------------------

08.11.2010

5 dager igjen....

I dag er eg heime på grunn av ei haustforkjøling, no måtte det jo sjølvsagt bli meg. Begge ungane har hatt det, så slik er det vel berre. Den siste tida har nok vore for travel slik at immunforsvaret har ikkje vore på topp. Eg tek vidareutdanning i historie og skal ha eksamen 6. desember....og då er det stoppp! Trudde det gjekk fint i tillegg til 100% jobb, men det vart for travelt....men skal berre halda ut bittelitt til!

Eg var på Mamma Mia i helga og det var kos, både show og hotellopphald. Godt å koma ilag med kjekke damer innimellom:-)

Men no er det nedtelling for alvor. Meg og Harald sat og snakka om kor vi skal la Freya få sove dei første nettene? Ho kan vel ikkje sova inne hjå oss? Trur nok kanskje ho kan ligga ute i gangen ved sidan av gjesterommet, der står alltid døra open og lurte litt på å ha buret ståande der i starten. Om natta har eg tankt at ho kan liggja utanfor vårt soverom (alle soveromma er i same gangen) med buret sitt ope.....Så kan vi kanskje ligge på gjesterommet dei første nettene? Er det nokre andre der ute som kan gje nokre råd her?

Ellers håpar eg turen går fint. Lurer på å kjøre over fjellet, tek liksom mykje kortare tid....5-6 timar effektiv kjøring, men heim må vi vel rekne meir tid ja.....Men vi gler oss!!!