30.01.2011

Søndag

I dag var det ganske vårleg hjå oss og såleis fekk  vi oss ein kjekk tur der vi møtte ein del folk som også var på tur. Men det kjekke var at vi traff heile 4 hundar som Freya fekk helsa på, Ho hadde til i dag ikkje møtt nokre hundar som var mindre enn ho sjølv og difor vart dette spennande. Men det gjekk strålande fint!


Denne tassen var berre 9 veker










I går var eg nede ved sjøen og lot ho få springa fritt. Det likar ho jo sjølvsagt godt!!! Vi fann tak i ei stor plasttønne som vi skal ha det litt kjekt med i tida som kjem. Målet er at ho kanskje skal greie å rulle denne bortover....så får vi sjå om vi kjem i mål. men har lagt med ein videosnutt frå denne turen. Gje eit pip om kvaliteten var grei.


26.01.2011

Status 20 veker

Ja, etter oppfordring frå Marianne oppdretter skal vi i dag legge ut bilder av Heikekullet og sei litt om korleis det går. Berre så det er sagt vart dette gjort i full fart under middagslaginga vår i ettermiddag, men biletkvaliteten var ikkje så viktig!;-)

1: Reinslegh: Freya er tørr, ho har hatt omlag to uhell den siste mnd. Ho ligg i buret sitt om natta frå omlag 23 og fram til 06.30, og ikkje noko panikk for at ho vil på do. Så ligg ho i buret sitt igjen frå 08 til omlag 14. ho får ein liten luftings i 13 tida. (vi held på å ta denne bort no) Det verkar som om det går veldig fint. Ho går frivillig inn i buret sitt.

2: Bjeffing: Aldri! Vi har høyrt ho bjeffe berre 5-6 gonger den siste mnd og dette er i leik. Ho bjeffer ikkje når det ringer på, når nokon fløytar eller andre lydar.

3: Lynne: Ho er ROLIG!!! Ikkje så mykje meir å sei... Ho føl oss over alt kor vi går  også toalett og vaskerom. Ho ligg under bordet når vi et og sit i sofaen. ho er lydig og lettlært sjølv om ho ikkje lyder innkalling (pga vi ikkje har trent på dette) Ho går fint i band, sit roleg ved døra og venter til vi skal ut og ho får bandet på seg og set seg ned når vi kjem inn att. I tillegg sit ho til vi ventar med å ta ho ut av buret sitt.

4: Matlyst: No når ho har fått nye tenner er matlysten på plass. Ho har fått fleire nye tenner som står som perler på ei snor framme i munnen....Ho et tre gonger pr dag og et alltid opp maten sin. Ho er 10,1 kg

5: Omgang med andre hunder: Vi har vore nokre gonger på kvalpesosialisering med Freya og ho viser at ho er trygg på andre hundar, ho legg seg ned om ho følar for det. Vi fekk mykje skryt dei første gongene! Ho har enno ikkje møtt hundar som er mindre, så det vert spennande å sjå? Ellers treff ho andre hundar innimellom og det går fint.




Sjekk den krøllen då!!! Den er aldri annleis, berre når ho sit....

24.01.2011

Innevèr


Utrulege stillingar desse hundane ligg i......

Åh, det blir alltid så varmt når de kosar med meg. Slik blir eg alltid, nokon som veit kva det hundespråket betyr? Er eg flau eller likar eg det ikkje?


Ja, no er Freya blitt så stor og synes tida går så alt for fort. I helga var vi borte frå ho. Den eldste sonen flytta heim i helga med kjærasten sin. Dei var her saman med dei andre to og Freya. Det gjekk kjempefint, bortsett frå at ho peip og ville inn til "oss" på soverommet den førstemorgonen. Ho sprang rundt og rundt senga og hoppa opp, men der var det jo ingen.....stakkar! Så gjensynsgleda var stor då vi kom heim att i går. Men ser at Harald har fått litt høgare stilling ann meg, det viste seg tydeleg...hmr.....her må det lokkast med noko nammis!

Eller har Freya fått ein ekkel idè om å eta sin eigen b..... Fysjameg, det vil vi ha slutt på!

Vi skal no byrja å øva på innkalling, det er ho ikkje god på. Så no vil eg gjerne ha nokre synspunkt på dette.

Ellers har det vore skikkeleg møkkavèr, dei få dagane det er fint, er eg enten på reise eller på jobb. Men no skal det nok bli betre...hadde vore kjekt med ein videosnutt av Freya vår, så det håpar eg vi greier å fikse snart! 

16.01.2011

Årets første bad

Eg avslutta gårsdagens blogginnlegg med eit badebilde frå sommaren,  lite ante eg om at Freya skulle ta sine første svømmetak dagen etter...

På vestlandet har det vore frost lenge og såleis er det mykje tele i bakken. Når det så kjem regn i bøtter og spann finn ikkje det nokon veg ned i jorda, så da samlar det seg mykje vatn i dei vanlege "dammane". Og det var i ein slik dam det artige skjedde i dag...

Freya spang laus og var heilt vill. Vi gjekk og ho sprang rundt over alt, og plutselig var ho midt i denne dammen og hjelp, der var det djupt! Så då starta ho først med plaskande crawl for så å gå over i ein meir vanleg hundesvøm.. Vi vart så paff, men ho vart enda meir paff!!!. Stakkar, ho skjøna ingenting! Men det gjekk bra, og håpar det vert litt varmare i vatnet neste gong ;-)

15.01.2011

Dagane går

No har Freya vore så flink og ikkje har gjort ifrå seg inne, men i dag vart det eit uhell. MEN det som var så fint var at ho byrja pipa litt og eg skjøna ikkje kva det var ho ville...og før eg fekk sukk for meg berre sette ho seg ned å tissa. Vi var ute ei god stund før dette, men det var eit forferdeleg vèr så ho sette seg under ein busk. Eg tenkte tissar ho no eller sit ho berre i le for regnet, og det var nok det siste ho gjorde ;-) Men ellers har ho ikkje gjort ifrå seg inne på lenge og eg reknar ho som "tørr"

Vi tok kloklipp og hårklipp her førre dagen. Ho sklir slik på golvet vårt og det skuldast at ho har såpass langt hår mellom potane sine. Men det var jo umulig å få til dette. men då eg la ho på rygg og koste masse med ho gjekk det fint til slutt!!!

I dag igjen var ho ute og rulla seg i noko hersens skit....veit ikkje heilt kva det er, men det stinkar fælt av ho. Så ho måtte i dusjen i dag igjen.

Satsar på å kome oss ut på ein lengre tur i morgon sjølv om vèret er dårleg. Kanskje eg får teke litt nye bileter av ho. Lengtar etter sol og varme....sleng med eit bilete frå bading med ungane ein sommarkveld. Ha ei strålande helg, folkens!

13.01.2011

Snart venner.....

Kanskje eg skal få smake litt av deg...?

Klart du kan...

No har vi hatt Freya i omlag 7 veker. Katten har alltid vore veldig selskapssjuk og helst vore oppe med oss. Men no har ho flytta ned i kjellarstova, og her har ho hatt maten sin. Men det har nok vore kjedeleg så no byrjar ho og prøve seg meir og meir oppe her med oss...og Freya. Så i dag når vi tok inn katten gjekk ho rett bort til skaåla til Freya og jammen med gjekk det fint!!! 



10.01.2011

Mørkredd.....

I dag har Freya vore ute i mørket på tur. Ho sprang laus, og likte seg godt, ikkje mykje mørkredd denne jenta, nei! Ellers har det vore skikkeleg møkkavèr dei siste dagane og difor har det ikkje vore så mykje turar ute.
Men det har gått fint, ho har ikkje vore noko uroleg av den grunn.

Ser godt at raudfargen byrjar å bli lysare og ho vert lysare framme i fjeset. Vi kosar oss med jenta vår! Ho er rundt oss omlag heile tida, og til tider er ho litt vel tett, som når vi lagar mat så ligg ho mellom beina på oss....fort gjort å snuble da ja.

Ellers er ho glad i kos, men helst ikkje for mykje. Om det vert for tett kjem tunga ut og ho byrjar å teve. Skulle tru at det var for ho sveitta, men virker som ho vert litt "flau" når vi vert for tette. Nokon som har svar på det? Det beste ho veit er å ligge på rygg og bli klødd på brystet, det er godt det!!!

Det er kjekt å sjå på dei andre bloggane, og her ser vi tydeleg at dei byrjar å "bli vaksne"....dei forandrer seg mykje...

09.01.2011

Nyttårsaften igjen...

Ja, da fekk vi oppleva fyrverkeri i kveld igjen. Ein nabo hadde fått inn sponsorinntekter til fyrverkeri til nyttårsafta, men på grunn av dårleg vèr vart det ikkje noko av. Men i kveld skulle det avfyrast klokka 20. Vi hadde gjester og alle var ute. Eg var igjen inne med Freya. Vi slukka alle lysa og sat og såg på fyrverkeriet. Kjempeflott!!! Og det beste med heile greia var at Freay ikkje var redd!

Foto: Geir Berntsen

Foto: Geir Berntsen

06.01.2011

Kvardagen tilbake



Berre nokre vinterbilder tidleg på morgonen. Her var det berre å trykke på autoknappen....


Ja, ja...enno plass på puta til pusen

Favorittstillinga! Det er slik vi møter ho no om dagen, kjekt å dra!


Kan nesten høre "nesepustinga" lang veg

Her er jentene som julebukkar.

Her er gutane som er 12 år

Syns det er kjekt at Blånissane enno er litt kjekk eg........ Sjekk "bordjuletreet" vårt i bakgrunnen;-)

Det var godt å koma i gong med kvardagen igjen. Fekk endeleg gjort meg ferdig med studiene før jul, og no når karakteren vart såpass er det veldig deilig å vita at det er leeenge til neste gong. No har eg plutselig så mykje fritid! 

Har byrja på fotokurset til Marianne og sidan eg ikkje har noko erfaring med foto frå før så kanskje eg lærer litt etterkvart. Ellers kjøpte eg stoff til bunad i fjor så skal eg iallefall prøve å få den i boks. det er bunad til Marie som er ein "kladdebunad" før ein eventuell konfirmasjonsbunad. Ellers håpar eg får tid til venner og familie. Men den store frtidsgleda vert nok Freya og få gå ut med henne. Her hjå oss har det vore så utruleg glatt, at det har vore tur med broddar. Folk og ungar ramlar og slår seg skikkeleg, 

Ellers er det litt snakk om Frya og bloggtreff til sommaren. Dette syns eg høyres veldig kjekt ut, så det trur eg at eg skal melde meg på. Andre som skal?



01.01.2011

2011

Kvelden i går gjekk kjempebra. Vi hadde huset fullt av gjester, både store og små og såleis hadde Freya mange å leike med. Under middagen låg ho under bordet og sov. Det var nok ein del smell i løpet av kvelden, men ho brydde seg lite om dette. Så når klokka nærma seg midnatt gjekk dei minste ut med ungdomane for å fyre laus litt fyrverkeri medan Freya var inne med oss andre. Ho såg ut vindauga og såg ikkje ut som ho brydde seg så mykje om all støyen. No må eg nemne at vi hadde storm som ulte godt rundt oss og såleis vart fyrvereriet dempa ein del....

Katten derimot greidde å snike seg ut akkurat kl 12!!! Hjelp, no ser vi aldri den igjen, tenkte eg..... Men kl 02 kom ho endeleg etter å ha ropa lenge på ho.

Alt i alt har vi berrre positive opplevingar med første nyttårsfeiringa  med Freya.

Legg med nokre bilder få dei siste dagane....
Hjelp!!! Slepp meg ut!

Ja, her kjem det seg....det var jo litt godt jo...

Vi hadde jo bestemt oss for at hunden ikkje skulle liggja i sofaen.