27.03.2011

Første vårdag ute i hagen

De kan tru det var ein flott dag i går. Harald og ungane var til fjells for å stå alpint, men dei måtte diverre returnere då trekket hadde problem og ikkje kunne gå.... Meg og Freya var igjen i låglandet og var på tur. I går skulle eg på apoteket og difor måtte eg setje ho i band utanfor. No var eg svært spent på korleis ho ville reagere..Men det gjekk så fint. ho elskar folk! Det var nokre som stoppa opp og lurte på kva rase dette var? Og vi fekk masse skryt...som vi lever lenge på.

Når vi kom heim att var dei andre komne heim frå fjellet og vi kosa oss ute i hagen. Men det var berre 3 grader, men ikkje så verst i solveggen.




25.03.2011

Tida flyr...

 Ja, no er Freya snrt sju månader og det er utruleg at vi har hatt ho godt og vel fire månader. På tysdag var vi på kvalpekurs og det var gøy det!!! Både meg og Harald stilte opp. Første tida måtte hundane halde seg i bilane....og hjelpe meg for ei bjeffing! Eg var svært spent når vi slapp Freya ut om ho ville bjeffa like mykje som dei andre, men det kom berre eitt bjeff då!! Om ho bjeffa mykje medan ho sat i bilen veit eg ikkje, men ho bjeffa iallefall ikkje meir etter dette.

Vi trente for første gong med klikker, og vi veksla med klikker og ordet "BRA" så etterfølgt med godis... Ho fekk helsa litt på dei andre hundane, men det var lite. Det var no ein illsint liten kar som hogg i ho og beit ho på snuten...Neste gong vert det berre Harald som går då eg må gjere noko anna, ellers har vi planen om å gå begge to.

No har vi betalt og meldt oss på kvalpeutstillinga i Stavanger i palmehelga, til og med leigd oss hytte der Marianne og dei skal vera. Vi gleder oss MASSE!!!! Nokre gode tips til vi skal på kvalpeutstilling? Har sett tipsa på kennelklubben si side, men tek gjerne imot andre tips og erfaringar.
 




20.03.2011

Kvalpeshow next....




Da skal vi melde oss på utstilling i Stavanger i palmehelga. Vart så inspirert av dåke andre som var sist helg... Blir jo spennande og høyre andre sine meiningar om jenta vår. Men vi har ingen ambisjonar om at dette skal bli noko utstillingshund, vi er berre nyskjerrige! Dessutan skal vi få treffe Marianne og Embla, det blir kjekt!!!!

Vi hadde oss ein strålande tur i dag og vi hadde med oss kameraet.....ikkje alltid det er med. men er jo så stolt av jenta vår som er blitt så flink å gå laus!!! Sjå kor stor ho er blitt!

18.03.2011

Litt nytt...

Ja, no er det snart vår her hjå oss. Vi har ein og annan dagen med litt kvitt på bakken, men ellers er det bart. Det er lengre lyst om ettermiddagen og det er godt... No er eg inne i ei ekstra travel tid med halvårsvurderingar, noko som gjer at det vert lita tid til hobbyar. Men må prøve å få inn litt nytt på sida vår.

Freya veks og eg venter på at ho skal bli kjønnsmoden, forstod det slik at det hadde dei andre søstrene blitt? Eg kikar no etter både her og der, men kan ingenting sjå. Ikkje endrar ho seg noko heller...? Hjelp, er det noko eg ikkje får med meg her?

På tysdag skal vi byrje på kvalpekurs, noko vi glede oss veldig til! Freya har sikkert veldig lyst på selskap med andre firbeinte... Men vi møter no alltid eit par hundar som ho får helsa på, og ho er så flink så!! Ho byrjar og bli flink å ha laus, sjølv om eg ikkje er så flink...det er derimot Harald, og det er eg glad for.

Vi har nettopp avslutta ei veke med salve på augene hennar. Ho hadde ein infeksjon, men håpar det har gitt seg... Ellers er ho roleg og kjekk. Ho har fått seg ein liten krakk som ho sit på og har utsikt i hagen og vegen, og det er så kjekt å sjå alle ungane, kattane og fuglane. Men det beste av alt er at ho ikkkje gøyr. HURRA!!! Kan jo sjølvsagt endre seg, men så langt har vi vore heldige. No veg ho 11, 5 kg og omlag 40 cm opp til skuldrane. God helg alle saman!!!

Her kjem litt bilder:




He, he...slit litt med tunga eg når eg får oppmerksomhet.......

Nærmar oss kvarandre no...kjekt med ei "søster"...

Jammen er denne leiken gøy!!!


03.03.2011

Vinterferie

Vi som hadde slike planar for vinterferien... Men minstejenta fekk jo sjølvsagt feber laurdagskvelden og den varer enno, sjølv om den var borte i morgontimane... Men ho har ikkje lege senga så vi har no gjort litt forskjelligt, mellom anna leika gjøymsel med Freya, det var gøy det!!

I går var eg på dyrebutikken med Freya for vi skulle kjøpa ein ny sele til ho. Der var det fuglar og spennande ting du, men eg vart litt vel stressa då så vi betalte og fòr på dør. Apropo dører. Tenk at ho gjekk gjennom to senterdører utan problem...flinke jenta!

Det var meininga at jenta mi skulle vera med veninna på hyttetur denne veka, men det gjekk jo i vasken....det var trist det. Kva finn vi på då? I dag er guten til by`n med ein kompis i skatehallen så vi må til by`n og så eg har bestilt hotell til i morgon så då dreg vi på jentetur og shoppar litt...

Kva anna har vi gjort? No fekk eg sjansen til å jobba vidare med bunaden til Marie. Så no er brystduk og belte ferdig og no held eg på med stakken....kom endeleg i havn med faldene og matematikken i går....puh! (trur no det iallefall)

Ha ei flott helg, folkens!!!