19.08.2011

No nærmar vi oss eit år!

No hadde eg tenkt å setje inn eit nytt bilde av Freya på toppen...men du hendelse...Korleis kan eg tilpasse bildet på toppen? Kan eg setje fleire bilder inn? Nokre gode tips her mottas med stor takk!!!

I kveld var vi på hundetreff igjen. Dette er kjekt for Freya, for ho ELSKER ALLE HUNDAR!!!! Ho legg seg ned, helst under alle ho møter. I dag fekk ho brynt seg på ein husky på 6 mnd. Eg har no vore svært så skeptisk til den hunden så eg var no ikkje så høg i hatten når ho hadde, så og seie, halve freya inni kjeften og Freya peip...uff, ekkelt, men brått så gjer Freya beskjed og glefser og Merk: BJEFFER til den og spring etter ho. Jøss, var det verkeleg Freya det vi såg? Men flott, dei leika vidare og ho hadde sett den forbaska bikkje på plass. Det var betryggande å sjå....freya har jo alltid vore så snill og grei, men ho har jo vore flink då!!!! Ein kjekk tur og enda kjekkare, ein badetur i vatnet. (ikkje noko svømming, nei...)

Ellers har vi byrja i jobb etter ferien og ungane er byrja på skulen. Så no er det travle dagar, med nytt trinn og nye kollegaer ....men kjempekjekt! Mellomste er byrja på ungdomsskulen og det medfører oppfølgjing på eit høgare nivå, gitt!

No er tida inne for at plommene er vorte modne...og vips så var første ladning i frysaren og jammen med fekk eg solbær hjå far min og såleis vart det enno litt til i frysaren.

I morgon skal vi rydde bort jenteleiker som barbiedokker og anna som ligg i skuffer og skap som aldri vert brukt. Vi har vore og handla puter, teppe og nye gardiner så no vert det rom for "litt stor jente". No var det plutseleg ikkje kult med rosa....nei, no skulle det vera svart og kvitt...Ja, ja...kva hadde vi gjort utan KID?


Ja, det får bli nok for denne gang. Ha ei fin helg!!!

14.08.2011

Da var matlysta tilbake :-)


Ja, som overskrifta seier ser det ut som at Freya har fått matlysta tilbake. No et ho opp maten sin med ein gong ho får den morgon og kveld. Vi ser jo ein tendens til at ho "tigg" litt meir medan vi er på kjøkenet, noko vi sjølvsagt ikkje gjer etter. 

Ellers har ho teke seg ein svømmetur igjen. Litt overivrig fòr ho uti sjøen ein dag det var svært så fint. Marie var med og hadde ho i band. Men ho vart jo sjølvsagt svært så overraska og i ettertid vart det nok berre vassing.....tullejenta;-)

Freya har eit anna lite "problem" som går ut på å gå med sele. Allereie når vi skulle ta på den første refleksvestenvart ho tussete når ho fekk den på. Det virkar som at når ho får noko over ryggen så går ho bananas....småspring og legg seg på ryggen....skikkeleg styr i starten...men det har jo roa seg og ho gløymer det når vi går, men det er tydeleg at ho ikkje likar dette. Nokre som veit kvifor?

No er det ikkje lenge til ho vert 1 år! tenk kor tida går.... Men ho er fortsatt lika snill og grei å ha med å gjere. Herom dagen var harald aleine heime og malte huset på framsida, og Freya stod i løpestrengen på andre sida av huset. Då byrja ho og ule og skrike...for der skulle ikkje ho stå aleine.... så det gjekk ikkje. Andre uting ploppar opp innimellom som å grava hol i bakken...det er gøy det...for ho! 

Her forleden gjekk vi på sosialisering saman med 15 ulike hundar. Eg var svært spent, men Freya er jo så flink, så om vi går ofte her kan det jo faktisk hende at ho vert tøffare. Ho treng litt pushing på dette feltet....men kjekt var det!
No skal eg byrja å jobbe i morgon og dette medfører at Freya må vera aleine igjen....og håpar det går slik som før. I det siste har ho vore aleine inne i gangen, men har buret sitt ope og kan gå der om ho vil. Om natta gjeld det same. 

Ha ei flott veka så håpar eg at blogginga kan kome seg litt meir......at fleire kommenterer kvarandre.....;-)





05.08.2011

Så reiste vi vidare.....

Etter nokre fine dagar på treffet dro vi vidare til Arendal. Her var hjå bror min eitt døger før vi dro til Sverige med ferja. Eg var ganske så usikker på korleis det ville gå med Freya, men det gjekk så fint så!

Vi låg på Daftø camping i fire netter før vi dro sørover til Båstad. Her var vi i to netter, men her vart det dårleg vær så vi vende snuten mot Stockholm, der vi var i fire netter. Stockholm er ein flott by!!!! Vi låg i telt alle netter forutan i Stockholm.

Det gjekk så fint med Freya. Ho kosar seg saman med oss, uansett kor vi er. Og i sær når ho får liggja ved beina våre når vi er på uterestaurant..... Ekstra kos vart det når vi kjøpte sikkerhetssele til ho, då kunne ho byta på å vera i baksetet og liggja bak i buret. Når det gjeld varma og hund vart det litt utfordrande å finna kjølige parkeringshus dei gongene vi måtte. Men vi kjøpte ein luftepinne som vi sette i bakluka så den stod på gløtt og luft kunne koma inn til ho, og at bilen var fortsatt låst. Vi hadde Freya lite i buret/ bilen, men det er klart at nokre gonger måtte vi.

Så er vi jo så heldige å ha fått ein hund som ikkje gøyr!!!! Og såleis går det bra å vera på campingplass ;-)


Her er litt bilder frå turen:













Ja, vi lever enno.....først hundetreffet!

No er det jammen lenge sidan eg har oppdatert her inne. Vi har vore på ferie og ellers svært så opptatt. dessutan har vi fått oss ny mobil og der er det så mykje enklare å gå inn å sjekke blogg, men diverre ikkje så lett å oppdatere sin eigen, men pytt...her er litt nytt.

Rett etter skuleslutt dro vi på hundetreff til Marianne. Her hadde vi nokre fine dagar, og for ein plass!!!! Litt kald vind var det, men sola var med oss og sette ein ekstra spiss på helga. Her er litt bilder derifrå.
:

Åh, her er det mykje å gjer...så alle dei gutane då!

Odin var ein kjekke kar....

Ja, ja....om eg ikkje e så tøff som dei andre kan eg no kjøle meg litt ned då.....

Pappa, heike syns det var så stas å vaske øyra til Freya...

det vil ingen ende ta.....

åh kor deilig.....

Nok ein gong følelsa over å vera i himmelen....


Godt å varme fingrane litt...



Åh så gøy....det er jo ei lita minifreya....

Fine Draumur