01.07.2012

Sommarferie!

Ja, da er det endeleg sommarferie for meg, Freya og ungane. I den siste tida har vi hatt mykje tørt og fint vær, sjølv om temperaturen har vore låg einskilde dagar. Men eg og Freya har vore utruleg flinke til å gå tur. Kan hende vi er litt lei no, men det er heilt ok, vi går når vi har lyst. Akkurat i dag kjenner eg at det vert ein sofadag...og vips...eit nytt blogginnlegg!!!

Freye er inne i siste del av løpetida si. Eg var så spent på kor tid den skulle koma, vi skal jo til syden og det innebèr at vi skal vera borte frå ho i heile to veker!!!! Ja, og det er jo ikkje berre og berre med løpetid og andre som passer. Men flaks for oss, den kom altså no. Hurra!!!

Men det medfører jo litt tull og fjas det og;-) For det første fann ho ut at å ligge i buret vart plutseleg veldig kjedelig. Så pusting og klynking heile tre netter resulterte i ei fortvila mor....Kva er dette for noko tull? Er ho sjuk? Kva gjer vi? Og sjølvsagt ein sms til Marianne så roa eg meg ned. Desse dagane var det diverse avslutningar og anna plukk som gjorde det vanskeleg med alle turane...ergo, ho vart nok litt rastlaus...og sikkert litt lysten? Så når vi fekk gått lane turar roa ho seg. I tillegg kjem det jo rekane diverse "ekle og kåte" hannhundar springane/ luskande. Eine dagen oppdaga eg tilfeldig ein border collie på oppsida medan ho står i løpestreng på nedsida....sjølv var eg oppteken med noko heilt anna. IIIKKKKK, tenkte eg, men eg fekk ho inn i tide! Men det har gått seg til, ho tussar rundt beina våre, men eg har vore flink å ha ho i band på tur.

No er ungane reist på hytta til besten og besto så då er meg og mannen aleine. Dette gjer at vi kan nytta all tida vår på oss sjølv, og det er sjølvsagt litt godt innimellom. Tidlegare i juni var vi på hotelltur og Stingkonsert. Knall!!!

Denne veka har vi hatt veldig bra vèr, vi har til og med vore på badestranda! Freya var med eine dagen, men det vart berre tull. Ho roa seg liksom ikkje, så det er kjekkare å vera ned ved sjøen her vi bur for der er ingen...berre oss;-) I tillegg har eg sete mykje ute på ulike terrasser og kosa oss med reker og jenteprat. Kjekt det også, kan bli litt lite av det i ein heller travel kvardag.

Nei, no får vi laga oss noko godt, må jo kosa oss ekstra no når vi kan laga akkurat det vi likar....slik som i går!

Greske grillspyd med bulgur og tzasiki...mmmmmm.....

Legg med litt turbilder og litt anna....

Jentetur til Varhaugselet...ja, berre ei natt!

Deilige Freya!!!

Solnedgang på terrassen

Årets Hjortatrokk i eit forferdeleg vèr...






31.05.2012

Laber blogging....

Uff, ja kva skal eg gjere for å få meir motivasjon for blogging? Facebook har vel ein del av skulda...ikkje veit eg? Nokre andre synspunkt. At eg bloggar så sjeldan gjer vel at ingen gidd å kommentera meg heller...? Men iallefall her er ei lita oppsummering frå vestlandet.

Vi hadde ei tradisjonsrik 17. maifeiring også i år. Eg hadde klokka på fem på sju slik at Freya kunne vera inne hjå oss når salutten kom. Og ja, ho var skeptisk då, men roa seg snart. I år fekk ho vera heime i buret under toget sidan vi skulle vera over 20 her heime etterpå...kan jo bli i meste laget ein slik dag.


Ellers går vi veldig masse på tur for tida. Vi har som mål å gå årets hjortetråkk som går 17. juni. Dette er ein tur som tek for seg dei fleste toppane i Husnesfjella. Så difor er det hardtrening fram til då....men det er jo så deilig! Legg ved ein del bilder frå siste tida....








19.04.2012

VÅR

Ja, kan du tenka deg.....det ER vår, folkens! På turen i dag fekk eg altså sjå fleire tuer med kvitveis, berre sjå, her er litt av dei. Er dei ikkje flotte???


Førre dagen snøa det og eg har jo sjølvsagt berre mobilen med meg på desse turane (ja, veit det er synd) men måtte prøve å ta eit bilete der eg fekk med snøfnugga som kom...du må kanskje zoooma litt ekstra med augene, men



Men i dag fekk eg eit bilete der skjønningen gadd halda bittelitt fokus.... Fine jenta mi ;-)



NB: Har litt problem med kommentarane min, plutseleg kjem det fire av same slaget...og når eg slettar, ja så slettar han alle....Reknar med det kjem seg. Ha ein toppers dag alle saman!

15.04.2012

Vår i lufta

Da er det blitt 15. april og sola skin. For tida er det for kaldt å opphalde seg ute utan og vera i aktivitet. Så difor må vi ut på tur....

Påskeafta skulle vi endelig på ski igjen og eg hadde rigga meg til for å gå på tur med Freya. men allereie når vi kom opp i snøen var der blodspor etter Freya. Åh, ikkje løpetid no? Men det viste seg at Freya hadde skore seg i poten dagen før da vi var på tur i stranda. Så denne dagen var det kos på teppet.




Så da måtte vi ha to dagar utan tur, noko som Freya synes var veldig kjedeleg. Kvar gong vi skulle ta på oss jakka var ho der med sine bedande auge....Men så vart det tur att!!!

Våren er så flott og så snart  sola skin må vi på tur opp i fjellet. I går tok vi turen til Varhaugselet, eit sel som ligg omlag 600 m.o.h.  Eit flott turmål dette!!










Ein stopp og to på veg opp. Deilig med sol!



   





Ikkje det beste biletet dette, men det er ein flott plass! Men det beste er utsikta. Eg hadde berre med meg mobilen og såleis ikkje dei beste bileta men likevel.





Men det er eit stykke ned og det er alltid lika skummelt for her er det ofte hoggorm som luskar nede i lyngen.....Men denne gongen gjekk det bra! Så når det var slutt på turmaten var det berre og koma seg ned.


Ha ei flott veka!!!


02.04.2012

Problem

Ja, då vart det to innlegg på same dag:-)

Freya er no vorte skikkeleg tenåring som innebèr diverse tull og fanteri. Ho har aldri øydelagd nokon ting!!! Men det har då endra seg.....


 

Ja, kan trygt sei at dette vart fort litt problematisk. Så no måtte vi til å lukke alle dører....og om vi så gløymde, ja då kan de tenkja kva som hende...
Ho har lege i bur heilt fram til i sommar. Og det har gått fint, heilt til no. Men i går tok det kaka!
Eg har fått meg såler hjå kiropraktoren min som eg nyttar kvar dag. Desse er spesiallaga i Canada og kostar 3000. Gjett kva ho har gjort med dei?


Så no har eg bestillt meg nye i dag, då desse er utruleg viktige for meg. Og i går når vi skulle ta kveld måtte vi berre ta affere! Resultat:


Det gjekk fint i natt, men svært spent på resten. Nokre som har kommentar, så gjerne takk!

Kven skulle tru at det er denne "kjekke" jenta som har laga grå hår på mammo si??? :-)


Heisann....

Som vanleg er det lenge sidan eg har blogga sist, og skal jo alltid bli betre. men, men... Tida har iallefall gått og snart er vinteren på hell. I dag var det berre 3 grader då vi var ute på tur, og snøen har krope ned fjellsidene. Vi var jo klare for våren, men vi veit jo at på denne tida kan vi få alle årstider.

Sjølv har eg vore sjukemeldt ei tid, men pga vi er såkalla IAbedrift har eg vore på jobb. Eg likar meg godt der, men no har eg måtte bremsa litt. Er i halv jobb no, og difor er eg heime to dagar i veka. Sånn er det berre, satsar på å kome attende etterkvart. Såleis har det vore ein del turar i skog og mark, noko som Freya tykkjer er svært så bra!

 

No har vi påskeferie og ungane har allereie reist til besteforeldra på hytta. Her har dei nokre ungar som er på same alder og då er det jo reine himmelen, og dei kjem forhåpentleg heim att på onsdag. Dei var også der i vinterferien, men då hadde også vi vaksne oss ein tur. Flott natur på Tysnes!






Turkameraten til Freya


Førre helg var vi på hyttetur til Vågslid i saman med to andre familiar. På grunn av allergi måtte vi la Freya vera heima med eldstemann. Her leigde vi oss ei leiligheit midt i alpinbakken og det var berre heilt topp!! Så då fekk både små og store stått på ski, og det er jo så gøy! Ja, eg kjende det godt i kroppen i nokre dagar, kan de sei......


Ikkje alle som likar fotoapparat;-)
Utsikta vår. Flott?

No i påska har vi ingen planar, vert vel kanskje ein tur og to til fjells. det har jo kome nysnø og det reddar jo sesongen til fjells. Ellers er det jo så fint å gå i låglandet når det vårast.


Ira, den bete av alle <3

Ja, da var det størrelsen på pinnen igjen.....typisk:-)