26.04.2011

Påsken og løpetid snart forbi....

Ja, da var løpetida til Freya snart historie, bare eit par dagar att no. Det har gått utruleg fint, ikkje noko endring på ho, anna enn eg syns ho er blitt "litt vaksen" då...

I dag har vi vore på kvalpekurs og jobba med innkalling. Vi har ein god del å lera, men vi kjem oss:-) Det er jo så spennande med alle andre hundar som er der, og vi får jo aldri leike oss. Tenk å måtte kjøre heim utan å fått springa og herja med andre hundar...men det er nok slik det skal vera, Freya. Det er jo eit kvalpekurs,,,Eller?

Vekene går og 17. mai nærmar seg. no har det vore så fint vær at ein del jobb gjenstår med bunaden til Marie, men den SKAL bli ferdig!!!

No skal meg og ungane vera heima aleine i to veker. Harald har reist til Kina med far og bror sin...snakk om heldiggrisar!!! Men han er sårt sakna allereie, trur nok at Freya kunne tenke seg å logra til han om dagen. Stakkars... Men no har ho fått teppet oppi sofaen og får ligge her med meg, snakk om å vera kry! Det syns på blikket;-) Det vert ingen bilder denne gongen då kameraet er med til Kina. Ha ei fin veka alle saman!!!

21.04.2011

Deilige dagar...

Ja, no når vi har fått rista av oss utstillingshelga og pakka ut var turen klar for å gå på tur i heimlege trakter. Snakk om nydeleg vær. 

Men før det måtte eg gjera noko "nyttig" og såleis var framsida av huset vaska...var utruleg skite etter vinteren. Vidare fekk eg reingjort utestova, men gjenstår å ta fram puter, dill og dall. Men greitt alt som er gjort.Vi har ikkje så mange planar i år, men å gjera ferdig trappa til terrassen og litt småmaling her og der. Hagen må vel ha sitt, men venter litt.

Men tilbake til turog i dag var det var vi på tur. Vi har Folgefonna i vår kommune og difor tok vi turen opp i Bondhusdalen for å sjå på isbreen....men du verden, den var ikkkje stor lengre..... Men ein flott tur.

Eit spørsmål: Kva bør eg gjere med tanke på Freya og hoggorm?


Ha ein fortsatt fin påske!!!




Glede meg til eg lærerå ta skikkelege bilder i naturen, men det var solskin og det var ikkje så lett her nei....



Furebergsfossen...med vassdråpar på linsa.


 Tek med eit par bilder frå turen vi hadde førre dagen og eg....


Det er så kjekt å rulla meg i snøen og her fann vi ein ørliten flekk....


Kjekke hoggormen....snakk om eit ekkel kryp vi har rundt oss.......

Litt skummelt å gå på ei slik bru



Når vi kom heim hadde pappa laga løypestreng til meg.....

19.04.2011

Varhaugutstillinga 2011

Ja, no har de vel lese andre sine bloggar og fått med dåke helgas hendingar. Men her er iallefall min versjon....:-)

Fredag kom vi fram til Reveparken i halv ni tida. Freya hadde vore kjempeflink og turen gjekk bra. Vi gleda oss enormt til å treffe Embla og Mira...og sjølvsagt resten av gjengen. Marianne og dei kom ein del seinare enn oss, men vi venta så vi fekk helst på dei.

Laurdagen måtte vi tidleg opp, vi skulle stille Freya allereie klokka ni. Eg hadde ikkje peiling på noko som helst, men eg syns det gjekk greitt eg....  Freya fekk exellente og BIR valp så det var visst bra det;-) Kritikken sa følgande:
vel utv valp, fine prop, g kj. preg, fint hode, b bitt, tilstr. vinkl., b kropp. prop, vel pl. hale, ok ekstra tær bak (allspora), fin pels og farge, bev bra for alder
Jammen var det mykje artig å sjå på utstillinga, det var jo tross alt vår første utstilling. Vi fekk helst på Bella og lapphunden Banjo.

Etterpå tok vi tur ned til Refsnes strand. Her fekk hundane springa fritt. Vi måtte nok passe litt på Freya som var midt i løpetida si..... Kevin og Harald reiste og handla grillmat som vi spiste imellom sanddynene.....

Vi var tilbake på utstillinga for å gå sluttrunden i gruppa vår, men her var ikkje Freya intr i å visa seg frå si beste side....snakk om trøytt hund.

Laurdagskvelden fekk vi helsa på Trym og snakk om gjensynsglede mellom Freya og han..eller ikkje godt å sei, men noko var det...? No var vi trøytte alle mann, skal sei det tek på å vera aktiv med i hundeverden ei slik helg. Vi orka ikkje tanken på å laga oss noko mat, så vi rulla inn til Sandnes og åt på Dolly. Koselig!

Søndagen måtte vi tidleg opp att. Og no fekk vi helst på Heike, og det var knas. Dei er jo så like at hjelpe meg! Denne dagen var vi tilskodarar, og hadde eg visst betre så hadde eg meldt på Freya denne dagen og, det var jo ein annan dommar og kjekt å høyra andres dom. Men eg var nøgd eg, så det gjekk greitt. Einaste Freya var med på var barn og hund med minstejenta. Det var no berre så vidt vi rakk heile greia....snakk om å bli kasta i ringen;-)

Legg innpå litt bilder frå helga eg...... Men vi var einige i at vi hadde ei strålande helg med Marianne og co.

Må eg dette...?

Mamma litt smånervøs

Hei, det går jo bra detta....

Litt diskusjon om den eine spora, men den fekk ok

Ikkje lett å ta bilde av Embla og Freya.....Ligg her no....

BLI!

Det ble til slutt såpass....ørene står iallefall

Litt venting, men med is så går tida fortere...

Snakk om å vera trøytt....stakkars Freya

Ungene hadde det kjempegøy!

Urettferdig at eg må vera her oppe

Marie og Freya

09.04.2011

Løpetid

Då var det bekrefta.....Freya er altså komen i løpetid! No har vi kikka etter spor her og der, men no var vi ikkje i tvil lenger.. Ja, ja, då er ho altså kjønnsmoden og i ferd å bli ei vaksen dame!!! Men vi skal no leike oss enda leeenge... Syns jo det er litt trist at tida går så fort, men på den andre sida er ho i ferd med å bli ei vakker dame, syns vi :-)

Freya har for tida svært lite apetitt, og vi prøver å få ho til å ete...og til slutt går det ned, men det er vel slik det er? Freya fekk ny ormekur i går, det følast ikkje lenge sidan sist.  Ellers nyter vi ei flott helg med sol, og vi har vore på tur i skogen i dag. Men merkar ho er ekstra trøytt etter turen... Stakkars jenta mi!

No gleder vi oss til helga når vi skal treffe mamma Embla igjen...det blir spennende!!!

God helg!!!

04.04.2011

April

Sanneleg viser kalenderen 4 april i dag...Det er så deilig at det er lyst når eg står opp og lyst når eg kjem frå jobb! Våren gjer at vi kjem oss litt meir ut.

 Vart litt inspirert av Birken og hans kunster at vi måtte trene litt vi også, men skal sei det var ikkje så lett. Med belønning og fotoapparat skulle vi virkeleg få til nokre kjekke bilder...hrm, hrm....det var jammen ikkje så lett. Så legg ved eit par bilder av Freya som skulle hoppe over hinder....




Ellers går det bra med katten, men av og til vil Freya leike med ho......men berre når vi er i nærleiken ellers vert det litt for skummelt....


I går var vi på søndagstur i skogen, og for ein tur!!! Ungane hadde andre planer så Freya fekk oss for seg sjølv... Ein kjekk tur der mellom anna Fraya fekk hilst på hest for første gong...noko som gjekk svært fint.











Ha ei strålande veka!!!!