21.04.2011

Deilige dagar...

Ja, no når vi har fått rista av oss utstillingshelga og pakka ut var turen klar for å gå på tur i heimlege trakter. Snakk om nydeleg vær. 

Men før det måtte eg gjera noko "nyttig" og såleis var framsida av huset vaska...var utruleg skite etter vinteren. Vidare fekk eg reingjort utestova, men gjenstår å ta fram puter, dill og dall. Men greitt alt som er gjort.Vi har ikkje så mange planar i år, men å gjera ferdig trappa til terrassen og litt småmaling her og der. Hagen må vel ha sitt, men venter litt.

Men tilbake til turog i dag var det var vi på tur. Vi har Folgefonna i vår kommune og difor tok vi turen opp i Bondhusdalen for å sjå på isbreen....men du verden, den var ikkkje stor lengre..... Men ein flott tur.

Eit spørsmål: Kva bør eg gjere med tanke på Freya og hoggorm?


Ha ein fortsatt fin påske!!!




Glede meg til eg lærerå ta skikkelege bilder i naturen, men det var solskin og det var ikkje så lett her nei....



Furebergsfossen...med vassdråpar på linsa.


 Tek med eit par bilder frå turen vi hadde førre dagen og eg....


Det er så kjekt å rulla meg i snøen og her fann vi ein ørliten flekk....


Kjekke hoggormen....snakk om eit ekkel kryp vi har rundt oss.......

Litt skummelt å gå på ei slik bru



Når vi kom heim hadde pappa laga løypestreng til meg.....

2 kommentarer:

  1. Herlig tur Janne..Her går vi også masse tur nå..Nydeligt vær og fuglekvitter ;)

    Huggorm?? Kjøp piller som du kan ha med, å bare la henne løpe..Man får bare håpe, men ikke innskrenk hundens liv. Ikke lett å beskytte seg mot. Man må bare ta det som kommer.

    SvarSlett
  2. Ser ut som om dere har hatt en fantastisk tur !!! Jeg er nok mer opptatt av flåtten jeg.- Om jeg skal ned til Marianne i juni må vi nok gi dem en dose mot flått. Men, leeenge til det. Mye som ksal skje før det :-)
    Fortsatt god påske til dere!!

    SvarSlett