27.02.2011

Besøk

Ja, da var snart helga over for denne gang.... Vi har hatt besøk av mi niese med jenta si som er nett fylt eitt år. Eg må sei eg var svært spent korleis Freya ville oppføra seg. Men det viste seg å gå kjempefint, sjølv om hunden var temmeleg frustrert av dette lille vesenet i starten... Freya var i nærleiken av oss heile tida og innimellom litt borti til denne uvante skikkelsen. Eg var no ganske nærvøs, men vart letta då eg såg kor greitt det gjekk.

Vi rydda fram litt leiker frå loftet og der var det jammen nokre leiker som laga pipelyd også...Kanskje det var til meg, tenkte Freya, men.....

No er det vinterferie i ei veka og skal sei den starta godt. Eg har, som sagt; vondt i ryggen og vetlajento ligg med feber...Kan det bli betre? Men men, det er vel ikkje så mykje å gjere med det.

Ein oldefarneve er god å halda i


Kan liggja fint ved sidan av den kjekke jenta eg....


Sjekk dei fine, nye tenna mine....


24.02.2011

Pianokonsert

I går var vi invitert på pianokonsert i kulturhuset. Her hadde kulturskulen ein konsert for foreldre, besteforeldre og anna slekt. Eg kjende at eg var nervøs der eg satt, var nok sikkert for at kjende att den følelsen når eg sjølv var jente og skulle opptre. Men det gjekk jo sjølvsagt kjempefint!





Nokre som kan tipsa ein amatør korleis eg kan få ei raud rose på det nederste biletet?

Når det gjeld katten og hunden er dei byrja å bli gode vener. Det er så kjekt å sjå..... Kanskje nokre som kjenner att slike vindu....?


23.02.2011

Tja, kanskje litt endringar kan gjera susen?

Då vart eg heime i dag, takke vera den kjekke ryggen min.... Men kva skal ein gjera då, jo då vert det vel litt tid med dataen. Eg har ein rygg som plagar meg innimellom og diverre er det litt oftare no enn før, er jo påvist litt slitasje og tull så det er vel noko eg må leva med. Så no sit eg her, lettare sur kan vi sei....

Men tilbake til dataen. Sat i går og endra litt på sida mi og då tenkte eg at kanskje eg skal tilføra mitt namn i tittelen for at eg då kanskje kan skriva litt anna enn berre hund? Freya er jo ein stor del av kvardagen min, og ho vil nok fortsatt vera omtala mykje her. Eg får sjå etterkvart kva det blir til, men kan hende det vert litt oftare no då? (ikkje sikkert altså)

Eg har jo så lyst til å gjera litt ymse, men er jo heilt fersk, dessutan har eg ikkje store ambisjonar...Hadde jo vore litt kjekt om det vart litt meir trafikk her inne då, men samstundes vil eg ikkje reklamere om dette til "andre" heller, om de skjønar? Kan vera kjekt å høyre litt om kva de andre seier? Kanskje kan eg leggja ut litt bileter som eg (forhåpentleg) vil ta meir av, kanskje litt handarbeide og hagebilder...kven veit? Så kan ein vel ikkje koma unna litt slankeprat og kva ein likar å bruka pengar på? Kanskje det ikkje kjem noko ting i det heile.... 

Ha ein fin dag!!!

22.02.2011

Snart løpetid....

I kveld fekk eg ei melding av Marianne om at Freya snart kan komme løpetida eller "i puberteten", som minstejenta sa. Tenke seg til at det snart kjem...uff vert litt trist eg no. Måtte bla litt tilbake i bildene mine og det er jo utruleg så fort tida går.



Men men, slik er det vel bare. No har Freya fått skikkelege tenner og vi merker at ho er litt meir intressert i å gnage på ting. No er det jaggu best å følgja med og gje ho leiker eller ting.... 
Men eg har ikkje byrja med noko tannpuss eller liknande. Nokre kommentarer her. varierer med tørr for og blautt tørrfor, slik at då får ho litt trimmingf av tenner. 

Ellers er ho fortsatt tørr, og ho gjer aldri frå seg inne. Ho held seg no heile dagane frå klokka er 08 til halv to eller halv tre, då ho er aleine i buret sitt. Det går fint, ungane tek seg av ho når dei kjem heim. 

Fortsatt er det ingen bjeffing, sjølv om ho byrjar å følgje meir med i vinduskarmen, er jo litt naboungar ute i hagen og ein del fuglar. Ho føl godt med, men bjeffer ikkje:-) enno.....

Vi har ein lang tur til dagen og innimellom får ho springe laus nede på bakken. men no spørs det i tida som kjem...kan jo ikkje risikera noko hannhundbesøk... I tillegg prøver vi å bruka tid på ho inne til innekos og litt-akseptert-inneleik...

Så vi er fortsatt kjempefornøgd med hundevalet og storkosar oss med hundelivet. 

18.02.2011

18 februar

Så var det helg igjen. Vi har lagt bak oss ei travel veke og håpar neste blir litt betre...eg som trudde det var betre;-) Men men, det er vel slik livet er.....

Førre helg hadde hundeklubben show. Det  var kjekt å sjå på og hadde håpa å få til nokon kjekke triks med Freya. Prøver meg på rull rundt-trikset, men det er ikkje så lett...eg gjer det utan klikker, men med godbit. Fekk no meldt oss inn i klubben og no skal vi på kvalpekurs 22 mars.
Ellers var det nokre som snakka om at det var ein islandsk fårehund til her, ein som var 8 mnd... så det må eg prøve å finne ut av.

No i helga skal ungene på fotball og handball så det vert ingen fjelltur på oss. I år har vi ikkje stått på slalomski i det heile, og vi som alltid har oss nokre turar... men det får bli langrenn i år. Har såvidt prøvd oss på det rundt nyttår. Reknar med at vèret vert betre utover så det vert fjellet på oss. men vi har bno fått snø igjen og med litt ettermiddagssol er det svært så fint:-)





11.02.2011

Snart vår

Ja tida går så fort....Freya er no blitt så stor, ja det føles som ho har vore i familien alltid. Det har gått seg til og i denne veka har ho vore aleine heile dagen medan vi har vore på jobb, så flink!!! Ho går frivillig inn i buret om kvelden og om morgonen.

Vi lurer på å lage ein løpestreng som ho kan ha når vèret vert fint, dette skal sjølvsagt ikkje vera når ho er aleine. Men dørene står ofte opne når det er varmt og fint, og no når vi ikkje er heilt trygg på ho kan ho heller ikkje gå laus ute. Ho skal sjølvsagt få sine turar. Kva tankar har de om det?

No har livet blitt rolegare og det er så deilig, tenk all den tida vi plutseleg fekk. Hardt å vera student! No held eg på med å sy bunad til Marie og det er kjekt det (så langt...) Ellers går tida med til å treffe venner og gå tur. No har vi meldt oss på ein gå aksjon som heiter dytt.no og her skal du gå i gjennomsnitt 10000 skritt til dagen. Eg er jo lærar så mellom 4-6000 skritt kan det gjerne bli i løpet av ein dag, så ein ekstra tur må til!

Det ser ut som vi kanskje skal få til eit kvalpekurs no i mars om det vert nok påmeldte. Det gler eg meg til. Det er litt skuffande at eg ikkje har trent så mykje på det eg skulle kanskje, men Freya er jo så snill. Har nett vore på tur nede ved sjøen og ho kjem fint inn når eg ropar på ho!!! Ikkje så verst å gå på tur med heller. Vi held på å lære ho (AV) at ho ikkje får liggja under bordet medan vi et. Såg problemet då vi fekk mange gjester, ikkje noko kjekt uansett at ho er under bordet. Ho skal liggje ved sidan av og helst kan ho gå vekk.

Eg har vore slapp når det gjeld blogging i det siste, enno eg har tid. Men kjenner det ikkje er så mykje nytt å skrive, men men... Lurer på om det er mange som skal på treffa til Marianne? Er det snakk om to eller eitt?


Her er nokre bilder frå oss.... Ha ei strålande helg!!!