19.04.2011

Varhaugutstillinga 2011

Ja, no har de vel lese andre sine bloggar og fått med dåke helgas hendingar. Men her er iallefall min versjon....:-)

Fredag kom vi fram til Reveparken i halv ni tida. Freya hadde vore kjempeflink og turen gjekk bra. Vi gleda oss enormt til å treffe Embla og Mira...og sjølvsagt resten av gjengen. Marianne og dei kom ein del seinare enn oss, men vi venta så vi fekk helst på dei.

Laurdagen måtte vi tidleg opp, vi skulle stille Freya allereie klokka ni. Eg hadde ikkje peiling på noko som helst, men eg syns det gjekk greitt eg....  Freya fekk exellente og BIR valp så det var visst bra det;-) Kritikken sa følgande:
vel utv valp, fine prop, g kj. preg, fint hode, b bitt, tilstr. vinkl., b kropp. prop, vel pl. hale, ok ekstra tær bak (allspora), fin pels og farge, bev bra for alder
Jammen var det mykje artig å sjå på utstillinga, det var jo tross alt vår første utstilling. Vi fekk helst på Bella og lapphunden Banjo.

Etterpå tok vi tur ned til Refsnes strand. Her fekk hundane springa fritt. Vi måtte nok passe litt på Freya som var midt i løpetida si..... Kevin og Harald reiste og handla grillmat som vi spiste imellom sanddynene.....

Vi var tilbake på utstillinga for å gå sluttrunden i gruppa vår, men her var ikkje Freya intr i å visa seg frå si beste side....snakk om trøytt hund.

Laurdagskvelden fekk vi helsa på Trym og snakk om gjensynsglede mellom Freya og han..eller ikkje godt å sei, men noko var det...? No var vi trøytte alle mann, skal sei det tek på å vera aktiv med i hundeverden ei slik helg. Vi orka ikkje tanken på å laga oss noko mat, så vi rulla inn til Sandnes og åt på Dolly. Koselig!

Søndagen måtte vi tidleg opp att. Og no fekk vi helst på Heike, og det var knas. Dei er jo så like at hjelpe meg! Denne dagen var vi tilskodarar, og hadde eg visst betre så hadde eg meldt på Freya denne dagen og, det var jo ein annan dommar og kjekt å høyra andres dom. Men eg var nøgd eg, så det gjekk greitt. Einaste Freya var med på var barn og hund med minstejenta. Det var no berre så vidt vi rakk heile greia....snakk om å bli kasta i ringen;-)

Legg innpå litt bilder frå helga eg...... Men vi var einige i at vi hadde ei strålande helg med Marianne og co.

Må eg dette...?

Mamma litt smånervøs

Hei, det går jo bra detta....

Litt diskusjon om den eine spora, men den fekk ok

Ikkje lett å ta bilde av Embla og Freya.....Ligg her no....

BLI!

Det ble til slutt såpass....ørene står iallefall

Litt venting, men med is så går tida fortere...

Snakk om å vera trøytt....stakkars Freya

Ungene hadde det kjempegøy!

Urettferdig at eg må vera her oppe

Marie og Freya

4 kommentarer:

  1. Ser ut som en fantastisk helg, og Gratulerer så mye!!!!

    SvarSlett
  2. Ja det var en kjempe helg Janne..Som vi koste oss..Ekstra kjekt når både hundene, ungene og de snille mennene også koser seg, å ikke bare de hundegale damene ;)

    Må gjentas! Satser på å dra med flere valper neste gang da!

    SvarSlett
  3. Gratulerer med flott resultat og tusen takk for ei flott helg. Skal bli spennede å se hvordan Freya utvilkler seg. Hun er jo så søt, og så lik pappaen sin :-)

    SvarSlett
  4. Gratulerer så mye. Var vel koselig å hilse på "gjengen" igjen :-)

    God Påske!

    SvarSlett