18.03.2011

Litt nytt...

Ja, no er det snart vår her hjå oss. Vi har ein og annan dagen med litt kvitt på bakken, men ellers er det bart. Det er lengre lyst om ettermiddagen og det er godt... No er eg inne i ei ekstra travel tid med halvårsvurderingar, noko som gjer at det vert lita tid til hobbyar. Men må prøve å få inn litt nytt på sida vår.

Freya veks og eg venter på at ho skal bli kjønnsmoden, forstod det slik at det hadde dei andre søstrene blitt? Eg kikar no etter både her og der, men kan ingenting sjå. Ikkje endrar ho seg noko heller...? Hjelp, er det noko eg ikkje får med meg her?

På tysdag skal vi byrje på kvalpekurs, noko vi glede oss veldig til! Freya har sikkert veldig lyst på selskap med andre firbeinte... Men vi møter no alltid eit par hundar som ho får helsa på, og ho er så flink så!! Ho byrjar og bli flink å ha laus, sjølv om eg ikkje er så flink...det er derimot Harald, og det er eg glad for.

Vi har nettopp avslutta ei veke med salve på augene hennar. Ho hadde ein infeksjon, men håpar det har gitt seg... Ellers er ho roleg og kjekk. Ho har fått seg ein liten krakk som ho sit på og har utsikt i hagen og vegen, og det er så kjekt å sjå alle ungane, kattane og fuglane. Men det beste av alt er at ho ikkkje gøyr. HURRA!!! Kan jo sjølvsagt endre seg, men så langt har vi vore heldige. No veg ho 11, 5 kg og omlag 40 cm opp til skuldrane. God helg alle saman!!!

Her kjem litt bilder:




He, he...slit litt med tunga eg når eg får oppmerksomhet.......

Nærmar oss kvarandre no...kjekt med ei "søster"...

Jammen er denne leiken gøy!!!


2 kommentarer:

  1. For ei herlig jente Janne!! DIGGER det tungebildet! hehe!!

    Siden Freya er en del mindre i vekst en de andre jentene, så kan det hende hennes løpetid kommer litt senere. Ellers kan hun være som sin mor også, så renslig at man aldri ser en dråpe blod. Men du kan se tispa bli hoven bak og at hun slikker seg VELDIG mye, der bak ;)

    Får håpe øynene er gode nå da ;)

    Masse lykke til på valpekurset!

    SvarSlett
  2. Vina har akkurat like stor tunge :) Var gøy å se det på bilde. Skal forsøke å få et likens.

    Vi får følge ekstra nøye med på tispene våre ang løpetid.. Vina virker å være av den renslige typen som sin mor,ja...

    SvarSlett