03.03.2011

Vinterferie

Vi som hadde slike planar for vinterferien... Men minstejenta fekk jo sjølvsagt feber laurdagskvelden og den varer enno, sjølv om den var borte i morgontimane... Men ho har ikkje lege senga så vi har no gjort litt forskjelligt, mellom anna leika gjøymsel med Freya, det var gøy det!!

I går var eg på dyrebutikken med Freya for vi skulle kjøpa ein ny sele til ho. Der var det fuglar og spennande ting du, men eg vart litt vel stressa då så vi betalte og fòr på dør. Apropo dører. Tenk at ho gjekk gjennom to senterdører utan problem...flinke jenta!

Det var meininga at jenta mi skulle vera med veninna på hyttetur denne veka, men det gjekk jo i vasken....det var trist det. Kva finn vi på då? I dag er guten til by`n med ein kompis i skatehallen så vi må til by`n og så eg har bestilt hotell til i morgon så då dreg vi på jentetur og shoppar litt...

Kva anna har vi gjort? No fekk eg sjansen til å jobba vidare med bunaden til Marie. Så no er brystduk og belte ferdig og no held eg på med stakken....kom endeleg i havn med faldene og matematikken i går....puh! (trur no det iallefall)

Ha ei flott helg, folkens!!!







 

2 kommentarer:

  1. Så dumt at ferien ikke ble som planlagt...Men det høres nå ut som om det blir kjekt likevel! Flink du er til å sy da..Ser jo kjempe fint ut den broderingen! Vi får vel se den når den er ferdig!

    SvarSlett
  2. Så flink du er.. HAdde store planer om å sy jentenes bunad jeg også, men når man ikke er glad i brodere er det et litt stort prosjekt og gå på. Tok heldigvis fornuften fatt og fikk en god nabo til å gjøre jobben.. Så nå har de hver sin Gudbrandsdals festdrakt med masse "pene" broderier :-)

    SvarSlett