25.03.2011

Tida flyr...

 Ja, no er Freya snrt sju månader og det er utruleg at vi har hatt ho godt og vel fire månader. På tysdag var vi på kvalpekurs og det var gøy det!!! Både meg og Harald stilte opp. Første tida måtte hundane halde seg i bilane....og hjelpe meg for ei bjeffing! Eg var svært spent når vi slapp Freya ut om ho ville bjeffa like mykje som dei andre, men det kom berre eitt bjeff då!! Om ho bjeffa mykje medan ho sat i bilen veit eg ikkje, men ho bjeffa iallefall ikkje meir etter dette.

Vi trente for første gong med klikker, og vi veksla med klikker og ordet "BRA" så etterfølgt med godis... Ho fekk helsa litt på dei andre hundane, men det var lite. Det var no ein illsint liten kar som hogg i ho og beit ho på snuten...Neste gong vert det berre Harald som går då eg må gjere noko anna, ellers har vi planen om å gå begge to.

No har vi betalt og meldt oss på kvalpeutstillinga i Stavanger i palmehelga, til og med leigd oss hytte der Marianne og dei skal vera. Vi gleder oss MASSE!!!! Nokre gode tips til vi skal på kvalpeutstilling? Har sett tipsa på kennelklubben si side, men tek gjerne imot andre tips og erfaringar.
 




4 kommentarer:

  1. Så morsomt at dere er blitt aktive hundeeigere da..er det bare vi som ikke er på verken samlinger eller utstillinger?? tror jammen de...
    får sjekke opp om det blir noe lokalt her snart!
    Ja tiden flyr...

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. ops...
    Aktiv og aktiv, Merete. Vi tar no med oss dette kvalpekurset no i starten... Ellers tar vi det som det kjem, kvalpeutstillinga er jo berre for gøy, har jo skjønt at utstilling krever mykje, ikkje minst å bu der det er utstillingar. Vi bur på landet og det er tre- fire timer til både stavanger og Bergen...

    Men som sagt så gleder eg meg til å sjå trym og embla... hadde vore kjekt å helsa på gulli og... Vi kjem nok til å reise ned til marianne i slutten av juni, vi byrjar ferien vår då..Kva med deg....? God helg!

    SvarSlett
  4. Ja tiden flyr det skal være sikkert. Her begynte Odin og løfte litt på foten i dag når han skulle tiss. Hjeeeelp, holder han på å bli mann allerede?? Kun 5.mnd !!!! MEn begynner å bli hund, ikke bare en søt bamse... Vi har begynt på grunnkurs i lydighet, og trener på sitt, ,ligg og tilkalling. Odin er enkel å jobbe med, så det er kjempegøy. Denne gangen er det mannen min som er på kurs. Lurt at begge er med. Her har nok Draumur blitt en enmannshund, da jeg var den eneste som trente med han i starten,, Så stå på, det er kjempemorro :-)

    SvarSlett