05.08.2011

Så reiste vi vidare.....

Etter nokre fine dagar på treffet dro vi vidare til Arendal. Her var hjå bror min eitt døger før vi dro til Sverige med ferja. Eg var ganske så usikker på korleis det ville gå med Freya, men det gjekk så fint så!

Vi låg på Daftø camping i fire netter før vi dro sørover til Båstad. Her var vi i to netter, men her vart det dårleg vær så vi vende snuten mot Stockholm, der vi var i fire netter. Stockholm er ein flott by!!!! Vi låg i telt alle netter forutan i Stockholm.

Det gjekk så fint med Freya. Ho kosar seg saman med oss, uansett kor vi er. Og i sær når ho får liggja ved beina våre når vi er på uterestaurant..... Ekstra kos vart det når vi kjøpte sikkerhetssele til ho, då kunne ho byta på å vera i baksetet og liggja bak i buret. Når det gjeld varma og hund vart det litt utfordrande å finna kjølige parkeringshus dei gongene vi måtte. Men vi kjøpte ein luftepinne som vi sette i bakluka så den stod på gløtt og luft kunne koma inn til ho, og at bilen var fortsatt låst. Vi hadde Freya lite i buret/ bilen, men det er klart at nokre gonger måtte vi.

Så er vi jo så heldige å ha fått ein hund som ikkje gøyr!!!! Og såleis går det bra å vera på campingplass ;-)


Her er litt bilder frå turen:













1 kommentar: