18.11.2010

Dagane går


I dag har vi vore ein liten tur til stranda igjen, og det er kjekt. I dag var vi på ei anna strand, og det vart litt skummelt når sjøen laga lyd.... Men Freya gjekk laus, men var heile tida i nærleiken av meg. Når eg akkurat hadde teke bandet på ho så kom der jammen ei lita tispe som ville helsa på meg. Det gjekk kjempefint, sjølv om dei var i band. No har ho helst på tre ulike hundar desse dagane.



I natt gjekk det bra, buret var tørt og vi høyrde ingen lydar. I dag har ho vore aleine i stova inni buret i to omgangar, først to timar så ein pause på halvannan time for deretter å vera aleine i ein time. Men ho var litt vilter når eg sette ho inn i buret, noko som gjorde at ho klynka litt ei kort stund. Så det gjer vi ikkje ein gong til!




No har eg fått helsa på kaninen og den hadde flott hus, men eg kom ikkje heilt inn.......



No er eg og blitt betre kjend med katten, men vi er ikkje perlevenner enno!

Freya likar å bite, så det må vi jobba med. Og utruleg bra du skreiv om fuglane, Marianne at vi ikkje skal stoppe opp å sjå på fuglane, for det var ein del fugl nede ved sjøen. Det vart ikkje noko av parkeringshuset i går, vi dro til Olabesten i staden så då fekk eg bli kjend med nye folk! I morgon trur eg vi må ned i båthamna å sjå, kanskje vi kan gå oppi båten vår?

Men det går bra her hjå oss og vi glede oss til det blir helg for da kan vi ut å kose oss ekstra!

3 kommentarer:

  1. Nydelige bilder av Tøtta daaaaa...Hun er bare så vakker..Sukk!

    Dere er jammen med flinke! Freya får oppleve litt av hvert..Blir spennende å høre om hva hun synes om å oppi båten da! Det blir sikkert en kjekk opplevelse!

    SvarSlett
  2. Kjempefine bilder!
    Ser vi må bli flinkere å dokumentere hva Gulli får oppleve!

    SvarSlett
  3. Gratulerer med nydeleg kvalp, like skjønn som bror Birk :) Flotte bilder og blogg også. Birk er også utruleg flink og snill, men vi må nok også jobbe av han litt biting....er nok noke som går i familien ;)

    SvarSlett