17.11.2010

Utruleg...så langt!

Ja, no har vi hatt Freya heime her i 4 dagar og vi er kjempenøgde! Ho er så snill og grei at eg tenker kor tid snur det? Men no har ho lagt aleine i stova i to netter utan å ha tissa eller bæsja! Vi er like sjokka kvar gong. Det hjalp og ikkje gje ho så mykje mat og drikke for seint om kvelden, Marianne! Vi ligg på soverommet vårt, men vi har døra open...sålei høyrer vi ho lett. Då har vi lagt ho inni buret i 23 tida og så vaknar ho når vi står opp i seks tida. Då er det ut på do for deretter og vekke Håvard og Marie....og då går halen skal eg sei. Vidare får ho vera ilag med oss fram til i åttetida. Ho får mat litt før slik at vi rekk ein liten tur ut. Så er det inni buret og då er ho trøytt allereie så det går greitt.

Vi har sløkt alle lys og så set vi radioen på og så har vi vore nede i kjellarstova. I dag har ho vore ein time aleine, og ikkje ein einaste lyd. Så no har ho lege der i halvannan time, heilt stille. No byrjar ho å vakne medan eg sit her og skriv ved sida av ho. No skal vi ut ein liten tur i solskinnet. Eg vil ikkje gjere så veldig store sprell om føremiddagen då ho skal vera alein i denne tida.

Ellers må vi få øva på å kjøyra bil i bur, det har vi ikkje prøvd enno. Ellers har Harald jobba litt med "hundeskolen" til marianne. Men no har det seg slik at han kunne gå på jobb i dag då min rygg ikkje vil samarbeida med meg i det heile. Var hjå kiropraktor i går, men kan omtrent ikkje bøye meg eller gå i trapper:-( Så no skal eg vera heima nokre dagar, men Harald får ta over etter det, såleis får vi ein mjukare overgong til kvardagen. Men eg syns det er pyton å vera heima, men med Freya vert det sikkert kjekkare.

Må også få nemna at ho har allereie helst på to hundar. Ho elskar hundar! I tillegg ser vi at ho er svært glad i menneske, både når vi har besøk eller møtar andre ute. Då vil ho bort og helsa på alle! I dag tenkte vi å ta ho med i parkeringshuset og innom dyrebutikken.

1 kommentar:

  1. Dette er jo kjempe bra Janne! Dere er så flinke med ho!! Veldig lurt å ha dagene på samme måte som dere skal ha det når alle går ut i full jobb igjen!

    Lykke til på parkeringsplassen og i dyrebutikken!

    SvarSlett