03.02.2012

02.02.2012

Snart vaksen

Skal sei det skjer endringar her hjå oss! No nærmar Freya seg 18 mnd og ho byrjar å bli ei stor dame. Når vi går på tur kan ho gjerne setje seg ned ved annankvart tre....ho må liksom skvetta frå seg nokre dråpar heile vegen. Ho hadde si andre løpetid rett før jul.

Vi treff ein del hundar om fredagen og førre fredag fekk vi ei ny oppleving med jenta vår. Ein diger schæfer viste interesse, men diverre var han litt "plagsom" intr...dette var ikkje gøy! Kva gjer Freya då? Jo, eg kan jammen bjeffe og gje beskjed, til og med flekke tenner! Eg heldt på å gå i bakken, då dette var ei side eg ikkje hadde sett før. Men, samstundes godt og, at ho kan gje beskjed....er jo berre vane med at ho legg seg flat på ryggen.

I tillegg har ho tendens til og gje litt meir lyd når vi køyrer bil, går inn/ ut av bil, nye stader osb..... men reknar med at dette er litt stressrelatert? Når ho ser dyr, i sær hundar/ ulvar går ho bananas her i stova...pip og vert uroleg stakkar. vi synes dette var litt gøy i starten, så kanskje vi har skrudd ho litt unødvendig opp.....

Men snakk om snill og deilig hund!!! Ho er jo så god den jenta vår, så mykje ho tilføyer familien vår....

Neste helg er det utstilling og vi er ein del islendere som skal og det vert spennande å høyre kva dei synes om Freya!