31.05.2012

Laber blogging....

Uff, ja kva skal eg gjere for å få meir motivasjon for blogging? Facebook har vel ein del av skulda...ikkje veit eg? Nokre andre synspunkt. At eg bloggar så sjeldan gjer vel at ingen gidd å kommentera meg heller...? Men iallefall her er ei lita oppsummering frå vestlandet.

Vi hadde ei tradisjonsrik 17. maifeiring også i år. Eg hadde klokka på fem på sju slik at Freya kunne vera inne hjå oss når salutten kom. Og ja, ho var skeptisk då, men roa seg snart. I år fekk ho vera heime i buret under toget sidan vi skulle vera over 20 her heime etterpå...kan jo bli i meste laget ein slik dag.


Ellers går vi veldig masse på tur for tida. Vi har som mål å gå årets hjortetråkk som går 17. juni. Dette er ein tur som tek for seg dei fleste toppane i Husnesfjella. Så difor er det hardtrening fram til då....men det er jo så deilig! Legg ved ein del bilder frå siste tida....