14.01.2012

Freyas første skitur

Ja,  dag var det tid for skitur med Freya. Vi må kjøre ein liten time før vi kjem oppå fjellet. Men før det skulle vi jo finne fram alt utstyr til heile familien, samt mat og sekk og ditt og datt....Freya, stakkar, er jo allereie superstressa. Så må ho jo sjølvsagt ete noko hundedrit i hagen (håpar for hennar del det var nokre andre sin...noko eg heller tvilar på). Men GUUUU for ein stank i bilen. Nei, dette går ikkje. Så inn i kjelleren på badet og inn i dusjen, kroppen utanfor, kan jo ikkje bli blaut når vi skal opp i kulda...så skylle, skylle, skylle og atter skylle munnen..... men det hjalp!!! Men det var ingen kjefting, men trur nok ho skjøna såpass at det var svært lite pop!

Vi kom oss iallefall opp. No er ho jo glad og fornøgd...men svært skeptisk samstundes...Kvifor går alle folk her oppe med slike ekle stavar og nokre har hjelmar...? Ho undrar seg på dette, men er forholsvis roleg.

I dag er det meg og Freya som skal gå på langrenn, dei andre står slalom. Vi går ein tur i preparert løype og ho går ganske fint. Spring når vi renn nedover...men er nok litt skeptisk dei ekle skistavane. Eg har strikkbånd, eller kva det heiter, og tursele. Eg vil ikkje at ho skal dra meg. Men kva utstyr bør eg ha? Eg har ho festa i magen så henda er frie. Eg har ein drasele, men den HATER ho...Kan nokre fortelje meg korleis eg bør gjera dette. Ellen, er du der?

Eg hadde ikkje kamera med meg, men berre mobil, stavar, vottar og....difor berre desse bilda. Men håpar på ein tur snart for dette var gøy! Ho hadde fått ein omgang med potefett.





Så eit par andre spørsmål. Eg synes at ho frøys, pga ho skalv medan vi sat i ro. Men, det var jo berre minus 1-2 grader og vindstille? Men kan ho skjelve då ho følar seg litt uttrygg og usikker?

Kva gjer eg med problemet: ete skit? Ho hadde dette ei lita stund medan ho var kvalp, men dette har teke seg oppatt. Er det vitaminmangel eller anna?

Ha ei fin helg!!!


11.01.2012

Kvardag igjen....

No er det kvardag for fullt! Men det er jaggu deilig å koma i gang igjen. Det var tungt å stå opp i starten og snakk om trøtt i løpet av dagen...synes eg gjespa i eitt eg... Etter eit år utan trening på treningsstudio er eg der igjen. Eg bestemte meg for å ta meg eit år fri pga Freya. Men eg har merka at kroppen har skranta meir enn før. Å gå turar med Freya er sjølvsagt fortsatt viktigast, ho er jo turkamerat nr. 1!!!!!

Eg har gått til kiropraktor omlag ein gong i mnd i fleire år, men no i haust flytta han....så no skal eg prøve meg utan???? Etter å ha delteke på ein såkalla "ryggskule" har eg skjønt at allsidig trening er tingen for vond rygg og nakke, så kryssar fingrane for at dette skal gå bra.

Vi har hadde nokre små oppussingsprosjekt før jul, og det følast godt å vera ferdig.....så langt;-) Såleis har vi plutselig ein del fritid. Kva gjer vi då? Jo, ut i skog og mark. Men, akk nei.... Vi har hatt eit forferdeleg vèr, den eine stormen etter den andre, for ikkje snakka om alt det regnet! Så difor bestilte vi lika gjerne oss ein sydentur til sommaren. Men sjølvsagt med litt blanda samvittigheit....Jo, Freya vil jo sjølvsagt synes dette er noko forbaska tull! Vi håpar det ordnar seg med pass, svigers har iallefall fått spørsmålet....

Nei, det får vera nok for denne gong. Legg ved nokre bilder. Ha ei strålande helg alle saman...og kom igjen med blogginga!!!!