01.07.2012

Sommarferie!

Ja, da er det endeleg sommarferie for meg, Freya og ungane. I den siste tida har vi hatt mykje tørt og fint vær, sjølv om temperaturen har vore låg einskilde dagar. Men eg og Freya har vore utruleg flinke til å gå tur. Kan hende vi er litt lei no, men det er heilt ok, vi går når vi har lyst. Akkurat i dag kjenner eg at det vert ein sofadag...og vips...eit nytt blogginnlegg!!!

Freye er inne i siste del av løpetida si. Eg var så spent på kor tid den skulle koma, vi skal jo til syden og det innebèr at vi skal vera borte frå ho i heile to veker!!!! Ja, og det er jo ikkje berre og berre med løpetid og andre som passer. Men flaks for oss, den kom altså no. Hurra!!!

Men det medfører jo litt tull og fjas det og;-) For det første fann ho ut at å ligge i buret vart plutseleg veldig kjedelig. Så pusting og klynking heile tre netter resulterte i ei fortvila mor....Kva er dette for noko tull? Er ho sjuk? Kva gjer vi? Og sjølvsagt ein sms til Marianne så roa eg meg ned. Desse dagane var det diverse avslutningar og anna plukk som gjorde det vanskeleg med alle turane...ergo, ho vart nok litt rastlaus...og sikkert litt lysten? Så når vi fekk gått lane turar roa ho seg. I tillegg kjem det jo rekane diverse "ekle og kåte" hannhundar springane/ luskande. Eine dagen oppdaga eg tilfeldig ein border collie på oppsida medan ho står i løpestreng på nedsida....sjølv var eg oppteken med noko heilt anna. IIIKKKKK, tenkte eg, men eg fekk ho inn i tide! Men det har gått seg til, ho tussar rundt beina våre, men eg har vore flink å ha ho i band på tur.

No er ungane reist på hytta til besten og besto så då er meg og mannen aleine. Dette gjer at vi kan nytta all tida vår på oss sjølv, og det er sjølvsagt litt godt innimellom. Tidlegare i juni var vi på hotelltur og Stingkonsert. Knall!!!

Denne veka har vi hatt veldig bra vèr, vi har til og med vore på badestranda! Freya var med eine dagen, men det vart berre tull. Ho roa seg liksom ikkje, så det er kjekkare å vera ned ved sjøen her vi bur for der er ingen...berre oss;-) I tillegg har eg sete mykje ute på ulike terrasser og kosa oss med reker og jenteprat. Kjekt det også, kan bli litt lite av det i ein heller travel kvardag.

Nei, no får vi laga oss noko godt, må jo kosa oss ekstra no når vi kan laga akkurat det vi likar....slik som i går!

Greske grillspyd med bulgur og tzasiki...mmmmmm.....

Legg med litt turbilder og litt anna....

Jentetur til Varhaugselet...ja, berre ei natt!

Deilige Freya!!!

Solnedgang på terrassen

Årets Hjortatrokk i eit forferdeleg vèr...