31.12.2011

Godt nytt år!!!!!


Jammen er det siste dagen i år 2011 og eit nytt står på trappene. Her i huset kan vi sjå tilbake på eit rikt og godt år med Freya. Med handa på hjarta har eg ikkje angra ein einaste dag på at vi skaffa oss hund, så utruleg snill og god ein hund trudde eg ikkje fantes! Ho elskar folk og andre hundar og er så utruleg flink når vi møter dei. Eg er blitt så trygg på korleis ho reagerer i møte med nye hundar og menneske, og det betyr mykje!!! 

Men no skulle eg eigentleg ynskje alle eit riktig godt nytt år og så håpar eg vi vert flinkare å blogge, treng jo ikkje vera så mykje nytt kvar gong, berre nokre ord om korleis det går....Så sjølvsagt håpar eg vi møtes i året som kjem, enten om det vert på utstilling eller treff?

Så Godt Nytt år, folkens og håpar vi får eit fantastiks år alle saman!!!



 







25.12.2011

God Jul




Ja, da var julo her. Endeleg kom det ein dag der eg kunne setje meg ned i sofaen og laga eit innlegg på bloggen vår. Eg har jo rikeleg å skriva om, men det får vi sjå om vi kan kome innom etter kvart. Dagen i går vart feira heime hjå oss sjølve, og far og bror min feira ilag med oss. I går stod det sjølvsagt pinnakjøt på menyen, noko som smaka fortreffeleg godt. MEN, neste år skal eg hugse å la kjøtet liggja litt lengre i vatn. Eg har alltid pleidd å vatna det i omlag tolv tima, men synes enno det kunne vore litt lengre...så får vi sjå om vi hugsar det neste år.

Kvart år så trur eg at eg skal få sjå tre nøtter til Askepott, men heller ikkje i år fekk eg tid til det. Det er alltid litt dekorasjonar og dill som ikkje er ordna ferig, og slik vart det jo sjølvsagt i år og. Men men.... Julegrauten vart servert rundt eitt og då var vi samla men svigers og svoger. Mett og god og ein liten kaffikopp før neste stopp. Då klokka er halv fire tek eg med meg minstejenta og dreg til kyrkja. Her tenne vi lys på grava til mamma og så går vi til julegudsteneste. Endeleg kan skuldrane senkast og eg kan slappa av! Høgtidleg stemning det der.... Heime styrer mann med julemiddagen og det må jo sjølvsagt gå bra. Kva om det ikkje gjer det?

Men middag vart det og riskrem til dessert. Oppvask og rydding høyrer med, umiddelbart, til unganes store skuffelse. Marie var skikkeleg ivrig i år, så endeleg når vi kunne setje oss ned for å starte skulle ho få byrja, men nei! Dei gamle først, så ho til slutt. Ein og ein pakke.....puh, tek tid, men veldig roleg og kjekk stund. Ungane vart nøgd og eg sjølv fekk meg ei slkikkeleg ovarraskande kaffimaskin, skal sei han greidde det denna gongen;-)

Freya fekk sjølvsagt pakkar, og desse fekk ho opna sjølv. Katten fekk seg ein lekkerbisk, som ho fortærte med ein gong!

Så no i dag har vi hatt den tradisjonelle julefrukosten og skal på ribbemiddag i ettermiddag til svigermor, og ho kan laga ribba!!!! Legg inn litt bilder så får det fortsatt ha ein fin dag!

Litt julesongar høyrer med....




På veg til kyrkja....


Blir litt stressa av alt dette styret eg.....



Deilig med noko å tygge på...






Dette har meg og marie laga. Limt på masse kongler og så har vi spraya med snø og glitter...er lys på, men det viser visst ikkje.......

Frukostbordet...

Vart ikkje tid til store pepparkakebyen i år, men......dette er bornas tradisjon. kanskje dei byrjar å bli store...?


1. juledag må det spilles litt.....

13.11.2011

Utstilling Stord

Ja, i dag bar det av garde til Stord på utstilling. Dagen starta kl 05.45 og eg fekk med meg minstejenta, snakk om tidleg ein søndagsmorgon. Men det viste seg å vera verdt turen....

I dag stilte Skolli, Vinur og Heike saman med Freya. Kjekt at vi var heile fire islendere.... Vi gjorde det ganske bra alle mann. Det som var artig var at Freya stod igjen i ringen med pappen sin...og sjølvsagt stakk han av med BIR....men Freya fekk BIM og sitt første cert!!!!! Så vi var jo storfornøgd i dag!

Her kjem ein del bilder:


Nysteikt storfelever......nammis!

Kjekt å endeleg få helsa på nokre skikkelege hundar....Skolli!

Og der kom papsen Heike og;-)





Da vart det BIM og mitt første CERT :-)))))

24.10.2011

Utstilling

Ja, no har eg meldt Freya på utstilling på Stord 12-13 november. Håpar det er nokre som kan fortelje meg:
  • Kva gjer eg med Freya på førehand? (evt bad klipping ol)
  • Kva treng eg?(Band ol)
  • Kva skal eg trene på?
  • Tips som er gode å få med seg?

03.10.2011

Kvardagshendingar

I dag er det mandag og eg fekk litt tid til å leggja ut eit nytt innlegg. må prøve å få lagt ut eit i veka, så får vi sjå korleis det går.

Er for tida sjukemeldt med ein operert fot, men eg får lov å gå, men ikkje springe (som eg aldri gjere likevel....) men det har vore lette turar med Freyavennen. Vi har ei 18 hols golfbane som der er ei nydeleg turløype rundt som vert flittig brukt. Men her om dagen dukka det opp eit artig skilt:


Men men, sikkert ikkje kjekt å få ein golfball i skallen. Men denne dagen var meg og Freya på tur og det går ein bekk langs stien og det er gøy å springa i den......resultatet vert difor ofte svært skitten hund, men denne gongen var det berre hovudet:

Men sjølvsagt må vi ned i vatnet og skylle oss:




Men ein fin tur i strålande sol. I helga har vi vore i bryllaup i Bergen. Det var kjempekjekt og sjølvsagt eit strålande par! Endeleg skulle meg og mannen få oss ei hotellovernatting med god frukost, men desverre.... Vi låg på Grieg suitell på Sandsli pga kort veg til bryllupet, og det hugsar eg var eit flott hotell før i tida. Sjølve romma var fine, men restauranten og maten....nei. Så vi dro tidleg heim att.

I kveld skal eg ha klubb og då skal eg servera hot kyllingsuppe og heimabaka brød. Det er alltid kjekt med klubb og i sær når eg ikkje treng stå opp halv sju;-) På torsdag skal eg ha tupperware party, som er dødslenge sidan eg har vore på.....Ja, ja....når ein er usosial på dagtid er det fint å vera sosial på kveldstid.

Men ein ting til....No i slutten av "sommaren" fekk vi endeleg beisa den nye terrassen vår. Og jammen ser den forferdeleg ut....Kva gjer eg her og kva kan eg bruka for å forhindre dette? Skikkeleg baron beis og greier. På andre sida har eg ein teakbrun beis som ikkje er slik....? Ser jo ikkje ut!!!


Eg ville ha ein lysegrå farge og den vart faktisk veldig fin til huset, men...... Eg har teke desse bileta med mobilen, så kanskje ikkje best kvalitet. men det er altså all den grønska og algeveksten eg siktar til.  Ha ein fortsatt fin dag, kjære venner så må de blogga i veg!!!!!

26.09.2011

Janne og Freya lever i beste velgående......

Ja, no fann eg ut at eg måtte skrive eit nytt innlegg. Er ikkje så mykje aktivitet på blogging blandt oss lengre, men nokre er jo flinke då.

Freya er blitt eitt år og det feira vi!!! jøss det er jo snart ein mnd sidan... Legg ved litt bilder frå denne dagen.





Ellers har pappa vegd meg og eg er 13,5 kg. Eg ete to gongar pr dag og får meg omlag 4 turar i veka. Eg ligg ikkje i buret mitt lengre, då det er kjekkare å liggja rett ved døra...men eg kan gå inn i buret om eg vil :-) Kvar fredag er eg på hundesosialisering med ein bråte med hundar, men no har mamma litt angst fordi det er litt kennelhoste i området. eg skulle jo liksom få vaksina då, men den hadde eg visst...skal berre ta ny i februar. Ellers er eg frisk og rask, ok, hadde noko styr med magen i nokre dagar, men mamma koka ris og kylling til meg så vart eg bra igjen..... No har meg og pusen blitt gode vener, og her om kvelden fekk eg sleika litt på ho...Det var kult!!!! Eigentleg er eg ganske snill, men eg oppfører meg heilt tussete når eg får turselen på meg, den likar eg IKKJE!!! Men det er kjerkt å gå tur og her kjem nokre bilder....igjen!



Tenk her er eg ikkje redd, verre med mamsen.....




Det var litt om Freya. Sjølv er eg sjukemeldt i to veker etter ein operasjon i foten. Skal gå rundt, men ikkje noko harde turar enno..... Har byrja å strikke litt og det er jo kjekt. I går la eg frå meg strikketøyet i stolen og kva skjer...? Jo eg strikker med bambuspinner.....så skal eg strikke litt igjen, men da ser eg at det ligg under bordet...ja, ja tenker eg og skal til å strikke..... Då har ho altså tygd i seg den eine pinnen.....


Ellers har eg vore på jentetur til Warshawa og det var kjekt. Snakk om storby!


Men det får vera nok for denne gong. Sjølv er eg spent å høyre korleis det gjekk med treffet til Marianne og dei i Stavanger.....

19.08.2011

No nærmar vi oss eit år!

No hadde eg tenkt å setje inn eit nytt bilde av Freya på toppen...men du hendelse...Korleis kan eg tilpasse bildet på toppen? Kan eg setje fleire bilder inn? Nokre gode tips her mottas med stor takk!!!

I kveld var vi på hundetreff igjen. Dette er kjekt for Freya, for ho ELSKER ALLE HUNDAR!!!! Ho legg seg ned, helst under alle ho møter. I dag fekk ho brynt seg på ein husky på 6 mnd. Eg har no vore svært så skeptisk til den hunden så eg var no ikkje så høg i hatten når ho hadde, så og seie, halve freya inni kjeften og Freya peip...uff, ekkelt, men brått så gjer Freya beskjed og glefser og Merk: BJEFFER til den og spring etter ho. Jøss, var det verkeleg Freya det vi såg? Men flott, dei leika vidare og ho hadde sett den forbaska bikkje på plass. Det var betryggande å sjå....freya har jo alltid vore så snill og grei, men ho har jo vore flink då!!!! Ein kjekk tur og enda kjekkare, ein badetur i vatnet. (ikkje noko svømming, nei...)

Ellers har vi byrja i jobb etter ferien og ungane er byrja på skulen. Så no er det travle dagar, med nytt trinn og nye kollegaer ....men kjempekjekt! Mellomste er byrja på ungdomsskulen og det medfører oppfølgjing på eit høgare nivå, gitt!

No er tida inne for at plommene er vorte modne...og vips så var første ladning i frysaren og jammen med fekk eg solbær hjå far min og såleis vart det enno litt til i frysaren.

I morgon skal vi rydde bort jenteleiker som barbiedokker og anna som ligg i skuffer og skap som aldri vert brukt. Vi har vore og handla puter, teppe og nye gardiner så no vert det rom for "litt stor jente". No var det plutseleg ikkje kult med rosa....nei, no skulle det vera svart og kvitt...Ja, ja...kva hadde vi gjort utan KID?


Ja, det får bli nok for denne gang. Ha ei fin helg!!!

14.08.2011

Da var matlysta tilbake :-)


Ja, som overskrifta seier ser det ut som at Freya har fått matlysta tilbake. No et ho opp maten sin med ein gong ho får den morgon og kveld. Vi ser jo ein tendens til at ho "tigg" litt meir medan vi er på kjøkenet, noko vi sjølvsagt ikkje gjer etter. 

Ellers har ho teke seg ein svømmetur igjen. Litt overivrig fòr ho uti sjøen ein dag det var svært så fint. Marie var med og hadde ho i band. Men ho vart jo sjølvsagt svært så overraska og i ettertid vart det nok berre vassing.....tullejenta;-)

Freya har eit anna lite "problem" som går ut på å gå med sele. Allereie når vi skulle ta på den første refleksvestenvart ho tussete når ho fekk den på. Det virkar som at når ho får noko over ryggen så går ho bananas....småspring og legg seg på ryggen....skikkeleg styr i starten...men det har jo roa seg og ho gløymer det når vi går, men det er tydeleg at ho ikkje likar dette. Nokre som veit kvifor?

No er det ikkje lenge til ho vert 1 år! tenk kor tida går.... Men ho er fortsatt lika snill og grei å ha med å gjere. Herom dagen var harald aleine heime og malte huset på framsida, og Freya stod i løpestrengen på andre sida av huset. Då byrja ho og ule og skrike...for der skulle ikkje ho stå aleine.... så det gjekk ikkje. Andre uting ploppar opp innimellom som å grava hol i bakken...det er gøy det...for ho! 

Her forleden gjekk vi på sosialisering saman med 15 ulike hundar. Eg var svært spent, men Freya er jo så flink, så om vi går ofte her kan det jo faktisk hende at ho vert tøffare. Ho treng litt pushing på dette feltet....men kjekt var det!
No skal eg byrja å jobbe i morgon og dette medfører at Freya må vera aleine igjen....og håpar det går slik som før. I det siste har ho vore aleine inne i gangen, men har buret sitt ope og kan gå der om ho vil. Om natta gjeld det same. 

Ha ei flott veka så håpar eg at blogginga kan kome seg litt meir......at fleire kommenterer kvarandre.....;-)