30.10.2010

Da var vi i gong.....

I dag har vi vore på litt shopping. Vi har fått tak i eit brukt bur av ein eg kjenner. I tillegg har vi vore å kjøpt refleksvest, klosaks, bæsjeposar, band og ein leike. Vi måtte tenke at Litla Freya måtte ha ein liten refleksvest, slik at den satt best mulig...Den som fekk prøvd denne var ikkje så nøgd med den:-)

Ellers er teppet og ein nyinnkjøpt leika, samt ein godis sendt i posten til Litla Freya . Håpar vi har fått nok lukt i det...;-)


Her er Vari transportbur som eg har tenkt å ha i bilen
Jammen, det var no litt av noko tull dette....skal eg liksom ha den på meg?

28.10.2010

Mentaltest

Ja, i går var Litla Freya på mentaltest. Denne viste at ho var ei vilter jente....svært tøff! I utgangspunktet ønska vi oss ein roleg hund, men sjølvsagt ikkje så roleg at den berre labba rundt oss, som mannen min sa. Så i går når vi fekk vite resultatet kunne vi jo ikkje gjera anna enn å innstille oss på enda litt meir jobbing i det første året. Og det skal vi greie!!!! Dessutan har Marianne sagt at ho vil følge oss tett, noko eg er svært takknemleg for. Det kan jo hende at det går betre enn forventa, men det er bra å vera godt førebudd.

Vi sette oss ned å snakka ilag, kanskje vi skulle ha byta til ein annan kvalp? Men ungane vart lei seg og var positive med ein gong: "Aktive hundar kan bli god i agility, om vi må rope nokre ekstra gonger på ho så kjem ho jo til slutt" osb. Vi har sett så mykje på ho, på film og dessutan har vi ho på mobilane våre, data og bilde på veggen, ja alle er blitt så glade i ho! Så det første minstejenta spurte når ho vakna i dag var: "Har du bestemt deg for å byta hund?" Nei, det skal vi ikkje svara eg! Og det er utan tvil Litla vi ønsker oss :-)

Men eg er glad for at Marianne har teke kvalpane på denne testen, då vil jo vi kunne lettare få gitt Litla det ho treng her i vår familie.

25.10.2010

Tida nærmar seg....

Ja, no går tida så fort og eg kjenner meg brått så lite kunnskapsrik når det gjeld å få ein kvalp i huset. Vi les litt innimellom og snakkar om kva som er viktig. Om det er nokre der ute som har nokre gode tips å gje så tek eg gjerne i mot. Men om de skal gi dei to beste råda, kva vil det vera?

No har eg vore innom nokre sider her på nettet og det er så mange sider der dei snakkar om at islenderen berre bjeffar! (Sjølvsagt bjeffar dei...skulle jo berre mangla, dei er jo hundar!) Men eg har truffe både mor og far til Litla Freya, men eg har ikkje høyrt noko bjeffing. Då tenker eg at å ha "foreldre" som ikkje bjeffar, der det ikkje er noko problem må vera eit godt teikn. Men eg kjenner eg vert litt skjelven og tenker det er vel noko som vi må vera ekstra på vakt med.

Eg veit eg kjem til å få gode råd av Marianne og det er så godt å vite det.... Men kva tenker de andre som skal få ein islenderkvalp?

Ikkje misforstå meg, eg gler meg VELDIG!!!! Men tenker at gjer vi ein kjempejobb no i starten så får vi ein hund som det vert lite problem med.

24.10.2010

Ny bil

No har vi endeleg fått oss ny bil, ein Volvo V70. Nokre som har gode tips til størrelse på bur vi skal kjøpe? Det nærmar seg no, så vi får vel ut å shoppe litt snart. Men først er det bur.

21.10.2010

Nokre bilder av Litla Freya under besøk i haustferien.





Kvifor hund?

Eg har vel alltid tenkt at eg skal få meg hund ein dag, men ikkje heilt vore klar for det. På grunn av små born, hektiske dagar og at mannen min ikkje har vore så villig har det liksom ikkje vore spørsmål om det enno. Men etter som tida går byrja livet å endra seg litt. Ungane treng oss ikkje på same måten som før, dei tuslar ofte med eigne saker og vi vaksne får litt andre kvardagar. Men ikkje fordi det ikkje er travelt, dei treng masse tid frå oss enno, både til oppfølging med skulen og fritidsaktivitetar.

Etterkvart byrja vi å snakka om hund, men denne gongen sette vi fokus på det positive med å ha ein hund. Ofte ender vi opp med å fokusere på alt av arbeid og ansvar som følgje det å ha hund. Ja, det er viktig å ta med det, men ta også med det positive. Alle som har hund veit dette så det brukar eg ikkje mykje tid på, men kan berre ramse opp nokre viktige moment for meg. Ein god turkamerat som eg kan gå med etter ein hektisk og stressande dag, ein som alltid tek imot oss når vi kjem heim, ein eg kan grina med, ein som føl meg- også når dagane er vanskelege og til slutt eit viktig familiemedlem for ungane og oss. Eg er overtydd om at born har godt av og ha eit kjæledyr.

Så kva bestemde vi oss for? Jo, islandsk fårehund. Vi sjekka heimesidene til klubben og tok kontakt med dei for å få tips til kor vi skulle få tak i kvalp. Det var ikkje så lett, for det er ikkje så mange hundar i landet og akkurat no var det ingen kull på gong, Men etter ei stund kom det inn eit tips om at Marianne, oppdrettaren vår, hadde planlagt kull på Embla. Så no byrja vi å leite på nettet om vi kunne finne noko om marianne og embla....og alle her veit kva ho finn på ;-) Så mange flotte bilder av hunden og alt å lese på hennar blogg gjorde at vi bestemte oss for å ta ein telefon....

Ventetida på løpetid, resultat av parring, antal og om dei var friske og greidde seg, alt dette gjekk s-e-i-n-t!  Vi reiste til Haugesund og hilste på både mor og far og var, utan tvil, kjempefornøgd med det vi hadde sett. Men til slutt kom der jo 7 flotte kvalpar og Litlaa Freya var den jenta vi skulle få.

Vi var nede og hilste på kvalpane og marianne og dei var berre heilt...ja, ubeskrivieleg . Så no er det tre veke att til vi skal hente ho og dagane går plutslig unna. No må vi få tak i bur og litt ymse. Så får vi sende hundeteppet som vi har fått inn litt lukt i..

Vi gleder oss iallefall!