21.10.2010

Kvifor hund?

Eg har vel alltid tenkt at eg skal få meg hund ein dag, men ikkje heilt vore klar for det. På grunn av små born, hektiske dagar og at mannen min ikkje har vore så villig har det liksom ikkje vore spørsmål om det enno. Men etter som tida går byrja livet å endra seg litt. Ungane treng oss ikkje på same måten som før, dei tuslar ofte med eigne saker og vi vaksne får litt andre kvardagar. Men ikkje fordi det ikkje er travelt, dei treng masse tid frå oss enno, både til oppfølging med skulen og fritidsaktivitetar.

Etterkvart byrja vi å snakka om hund, men denne gongen sette vi fokus på det positive med å ha ein hund. Ofte ender vi opp med å fokusere på alt av arbeid og ansvar som følgje det å ha hund. Ja, det er viktig å ta med det, men ta også med det positive. Alle som har hund veit dette så det brukar eg ikkje mykje tid på, men kan berre ramse opp nokre viktige moment for meg. Ein god turkamerat som eg kan gå med etter ein hektisk og stressande dag, ein som alltid tek imot oss når vi kjem heim, ein eg kan grina med, ein som føl meg- også når dagane er vanskelege og til slutt eit viktig familiemedlem for ungane og oss. Eg er overtydd om at born har godt av og ha eit kjæledyr.

Så kva bestemde vi oss for? Jo, islandsk fårehund. Vi sjekka heimesidene til klubben og tok kontakt med dei for å få tips til kor vi skulle få tak i kvalp. Det var ikkje så lett, for det er ikkje så mange hundar i landet og akkurat no var det ingen kull på gong, Men etter ei stund kom det inn eit tips om at Marianne, oppdrettaren vår, hadde planlagt kull på Embla. Så no byrja vi å leite på nettet om vi kunne finne noko om marianne og embla....og alle her veit kva ho finn på ;-) Så mange flotte bilder av hunden og alt å lese på hennar blogg gjorde at vi bestemte oss for å ta ein telefon....

Ventetida på løpetid, resultat av parring, antal og om dei var friske og greidde seg, alt dette gjekk s-e-i-n-t!  Vi reiste til Haugesund og hilste på både mor og far og var, utan tvil, kjempefornøgd med det vi hadde sett. Men til slutt kom der jo 7 flotte kvalpar og Litlaa Freya var den jenta vi skulle få.

Vi var nede og hilste på kvalpane og marianne og dei var berre heilt...ja, ubeskrivieleg . Så no er det tre veke att til vi skal hente ho og dagane går plutslig unna. No må vi få tak i bur og litt ymse. Så får vi sende hundeteppet som vi har fått inn litt lukt i..

Vi gleder oss iallefall!

1 kommentar:

  1. Ja heldigvis så får Litla en ekstra uke hos meg, å gjett om vi skal kose oss! Vi venter i spennening på teppe hennes, så skal hun øve seg litt på å ligge alene i buret den siste uka!

    SvarSlett