31.12.2011

Godt nytt år!!!!!


Jammen er det siste dagen i år 2011 og eit nytt står på trappene. Her i huset kan vi sjå tilbake på eit rikt og godt år med Freya. Med handa på hjarta har eg ikkje angra ein einaste dag på at vi skaffa oss hund, så utruleg snill og god ein hund trudde eg ikkje fantes! Ho elskar folk og andre hundar og er så utruleg flink når vi møter dei. Eg er blitt så trygg på korleis ho reagerer i møte med nye hundar og menneske, og det betyr mykje!!! 

Men no skulle eg eigentleg ynskje alle eit riktig godt nytt år og så håpar eg vi vert flinkare å blogge, treng jo ikkje vera så mykje nytt kvar gong, berre nokre ord om korleis det går....Så sjølvsagt håpar eg vi møtes i året som kjem, enten om det vert på utstilling eller treff?

Så Godt Nytt år, folkens og håpar vi får eit fantastiks år alle saman!!!



 







25.12.2011

God Jul




Ja, da var julo her. Endeleg kom det ein dag der eg kunne setje meg ned i sofaen og laga eit innlegg på bloggen vår. Eg har jo rikeleg å skriva om, men det får vi sjå om vi kan kome innom etter kvart. Dagen i går vart feira heime hjå oss sjølve, og far og bror min feira ilag med oss. I går stod det sjølvsagt pinnakjøt på menyen, noko som smaka fortreffeleg godt. MEN, neste år skal eg hugse å la kjøtet liggja litt lengre i vatn. Eg har alltid pleidd å vatna det i omlag tolv tima, men synes enno det kunne vore litt lengre...så får vi sjå om vi hugsar det neste år.

Kvart år så trur eg at eg skal få sjå tre nøtter til Askepott, men heller ikkje i år fekk eg tid til det. Det er alltid litt dekorasjonar og dill som ikkje er ordna ferig, og slik vart det jo sjølvsagt i år og. Men men.... Julegrauten vart servert rundt eitt og då var vi samla men svigers og svoger. Mett og god og ein liten kaffikopp før neste stopp. Då klokka er halv fire tek eg med meg minstejenta og dreg til kyrkja. Her tenne vi lys på grava til mamma og så går vi til julegudsteneste. Endeleg kan skuldrane senkast og eg kan slappa av! Høgtidleg stemning det der.... Heime styrer mann med julemiddagen og det må jo sjølvsagt gå bra. Kva om det ikkje gjer det?

Men middag vart det og riskrem til dessert. Oppvask og rydding høyrer med, umiddelbart, til unganes store skuffelse. Marie var skikkeleg ivrig i år, så endeleg når vi kunne setje oss ned for å starte skulle ho få byrja, men nei! Dei gamle først, så ho til slutt. Ein og ein pakke.....puh, tek tid, men veldig roleg og kjekk stund. Ungane vart nøgd og eg sjølv fekk meg ei slkikkeleg ovarraskande kaffimaskin, skal sei han greidde det denna gongen;-)

Freya fekk sjølvsagt pakkar, og desse fekk ho opna sjølv. Katten fekk seg ein lekkerbisk, som ho fortærte med ein gong!

Så no i dag har vi hatt den tradisjonelle julefrukosten og skal på ribbemiddag i ettermiddag til svigermor, og ho kan laga ribba!!!! Legg inn litt bilder så får det fortsatt ha ein fin dag!

Litt julesongar høyrer med....




På veg til kyrkja....


Blir litt stressa av alt dette styret eg.....



Deilig med noko å tygge på...






Dette har meg og marie laga. Limt på masse kongler og så har vi spraya med snø og glitter...er lys på, men det viser visst ikkje.......

Frukostbordet...

Vart ikkje tid til store pepparkakebyen i år, men......dette er bornas tradisjon. kanskje dei byrjar å bli store...?


1. juledag må det spilles litt.....