30.12.2010

GODT NYTT ÅR!!!!!


Da var jammet med året 2010 snart over. Tenk at sola har snudd og vi går mot lysare tider. DEILIG!!!

Gruer meg litt til fyrverkeriet og Freya i morgon, men vi skal no heldigvis vera heime hjå oss sjølv. Har  flytta buret hennar inn på gjesterommet som ligg ved sidan av vårt, og her likar ho seg kjempegodt. Det er ikkje alltid ho vil ut av buret når vi henter ho om morgonen....

Vi har eit problem som de gjerne kan komme med innspel til. Det gjeld turgåing.... Ho drar og bremser heile tida. Vi har kort band på ho når vi går tur, er dette greit eller kva bør eg gjere? Vi har jo belønna ho når ho har gått fint, men pga kulda så har det vore vanskeleg. Som sagt ynskjer eg synspunkt på dette.

Men GODT NYTT ÅR alle bloggvener der ute og kryssar fingrane for hundane dykkar i morgon....og kryssar samstundes for "Diesel", den hunden som dei ikkje får redda ned frå den fjellhylla. Stakkar!

Kos dåke i morgon!!!

28.12.2010

Juleferie

Her er litt oppdateringar frå oss. Vi har hatt ei strålande jul så langt og no er det late dagar. Det har vore kaldt, noko som gjer at vi har vore ute på litt kortare turar. Freya syns det er så kjekt at alle er heime med ho, så det vert nok kjedeleg når vi skal byrja å jobb att. Men det er no enno nokre dagar att..... Håpar de oppdaterer litt bloggane dykkar slik at eg får høyre korleis det går med hundane!

Så måtte pusen og få sløyfa.

Alltid godt med eit varmt fang i kulda!

Her er mamsen og Freya med sløyfa....

Skal sei Freya fekk mange pakkar til jul, noko som gjorde heile pakkeseansen svært så kjekk!

Tidleg ein morgon på tur.

Åh så godt med litt godbit. Praktisk i kulden med med tube og vott forresten....


Legg til bildetekst






23.12.2010

Julehelsing



Ja, no har vi pynta treet og roen byrjar å melde seg. I år har vi eit halvparten av normalt tre på grunn av Freya. Vi har eit som står på eit bord slik at fristelsen ikkje vert for stor. I tillegg har vi fått ein halvmeter med snø, og hjelpe meg så artig det var. Så om den ligg så skal vi storkose oss ute i heile romjula! Eller uansett så skal vi få masse tid saman og håpar å få teke ein liten filmsnutt som eg kan leggja ut.



Vil få ønske alle ei riktig god jul og lukka til med pakkekaoset!

20.12.2010

Veterinær i morgon

Satser på at Freya er i fin form slik at vi kan komme oss til veterinæren å ta vaksina no. Hadde tenkt å chippe ho og, men den stamtavla kjem jo aldri. Alle andre fått den eller?

Men no dei siste to dagane har Freya vore villbass på kvelden. Vi har vore mykje ute med ho, men ho har tydeleg litt ekstra ho ikjke får ut..... Og det er plutseleg ikkje kjekt å køyre bil lengre, så vi må nok ha oss litt småturer i bil innimellom.

I dag har ho masa og masa på krumkake....og det var jammen godt det! Men prøver å ikkje gje ho når ho maser, men ho ligg jo med beina mine når eg lagar mat.

Det skal bli ekstra kjekt med ferie no, og det ser ut som at været skal vera bra og det betyr mykje ut på tur!

15.12.2010

Freya har blitt 3 mnd

Ja, da var Freya blitt 3 mnd og tida har gått så fort. Vi storkoser oss og ho er så snill som berre det. Ho ligg fortsatt i buret sitt når ho er aleine, noko ho sikkert vil gjere enno lenge. Vi har ikkje hatt dei store utedagane då ho har vore sjuk. fekk beskjed om å halde ho noko lunde i ro. Men så var antibiotikakuren over og det gjekk fint. Hosten har så og sei forsvunne heilt, håpar det går fint når vi no går kaldare tider i møte igjen.

Men her på mandag opplevde vi noko skikkeleg guffent. Vi dro på hundesosialisering på mandagskvelden og her vart det jo sjølvsagt full guffe. I ein time styrde ho på ilag med dei andre, og ho er skikkeleg flink! men når vi kom heim la ho seg på badet og byrja puste så rart, og ikkje var ho interessert i oss i det heile. Uff, dette vart berre verre og verre og ho kasta opp to gonger. Ho hadde teke ormekuren kvelden før, og kune det vera det? Vi var så usikre, leste på nettet....Seinare prøvde vi å ringe veterinæren, men han var på oppdrag oig kunne ikkje svara. No vart eg skikkeleg redd! Tenk om vi mista ho.

Etter samtale med Marianne roa eg meg litt ned og tenkte det var at ho var skikkeleg utslitt. For det første hadde ho nett gått ti dagar på antibiotika fordi ho var sjuk og vi hadde teke det ganske roleg denne stunda. Så plutseleg full guffe i ein heil time....

Så når vi la oss fekk ho liggje på sidan av senga vår og vi kune klappe ho og fylgje godt med utover natta. men etterkvart forsvann pustinga og ho virka som ho berre sov. Så gleda var stor då ho stakk av med tøffelen min på morgonkvisten, då tenkte eg at ho var frisk att. Og det var ho....Men vi får ta det litt med ro. Vi leiker ute med ho og går små turar, men ho er jo berre ein baby.

Ellers er eksamen min ferdig og no er eg så utlada at eg må ha nokre dagar på sofaen før eg for alvor tek fart i juleførebuingane....dei skal ikkje bli mange. Men går til ferie neste tysdag så det skal bli deilig! Men satsar på at eg kan bli litt meir aktiv her på bloggen igjen.

Litt artig, men kvelden etter ho hadde fått lege på rommet vårt kan de tru ho ville liggje inne hjå oss igjen.....Ho prøvde seg på alt, men vi gav ikkje etter.....denne gongen.

Er vel nokon som kjenner att denne stilen.......


Snakk om kos i senga til Marie!



Koooooooooosss!!!!






Kjekt å sitje på eit fang


He, he!



Første kalenderpakke....ha, ha, var berre denne da:-)

03.12.2010

Tida går

Ja, no er det lenge sidan eg har skrive på bloggen. For meg er det eksamenstid og er i ferd med å sjå ende på det...endelig! Alltid så lett å kasta seg i gang med noko, men det skal gjennomførast og då.... Men satsar på at det går bra!

På tysdag skulle eg til veterinæren for å ta vaksine og få chip, men det gjekk ikkje slik. Allereie på mandagen byrja ho med ei stygg hoste og såleis tenkte vi at det sikkert ikkje vart noko vaksine. Han lytta på ho og det viste seg at ho hadde ein luftvegsinfeksjon og fekk antibiotika. I tillegg fekk eg ormekur som eg må gje ein dag.

Ho har vore skikkeleg forkjøla med "dett dese", men ellers har formen vore bra.  Ho ete godt og no er vekta på 5,5 kilo! Når det gjaldt forkjølinga fekk vi beskjed om å ikkje la ho kava seg opp ute, altså unngå herjing og springing. Berre vi går ut så byrjar ho og hoste. Teperaturen har lagt på rundt -9 og her på vestlandet er det veldig kaldt.

Eg har vore på jobb og Freya har vore aleine i buret sitt. Harald har teke fri to timar midt på dagen slik at ho ikkje er for lenge aleine, så får vi auka på gradvis. For ho vil til slutt vera aleine frå 08 til rundt 14..... Men det går svært bra med ho i buret, likeins om natta.

Men no kjenner eg at eg har lyst og ut på tur med ho, men det får bli korte turar. Det er jpo utruleg fint ute fordi om det er kaldt.

Håpar på å få lagt til litt bilete neste gong, men no er det natta kjenner eg!!!

24.11.2010

Hjelp!

Ja, det var akkurat det eg tenkte når eg kom heim i dag. Eg hadde sett Freya i buret og ho var aleine heime. Eg sat i underetasjen og studerte og så gjekk eg ein liten tur på butikken, og ho var heilt roleg. Men når eg låste opp ytterdøra kom det springande ei glad jente med ein svært så logrande hale..... Uff, ja ho hadde altså fått opp buret! Korleis dette har skjedd veit eg ikkje, men ho har nok rikla med det slik at det har gått opp....ingenting tyder på herjing el noko, og det kan jo hende eg ikkje sette det heilt på plass. No er dette eit europrisbur, men det ser no greitt ut då...? Til saman var ho i buret i omlag tre timar, noko ho har vore før. Men får følgje ekstra godt med før vi evt får fiksa ein litt lenger låsepinne. Sjølv virka ho veldig så fornøgd!

Ellers har ho lært å sitje å gi labb! Det er så artig får no kjem ho med lappen ofte i håp om å få noko....

23.11.2010

Sosialisering

                           

I går var Harald på kvalpesosialisering for første gong med Freya. Ho fekk gå laus medan dei andre hundane måtte ha band på seg. Dette gjekk veldig bra, og han som hadde kurset sa at ho virka veldig trygg og at ho hadde nok møtt ein del hundar før:-) Ros til deg, Marianne!

Men når ho kom heim lukta ho bæsj og hest og var våt og skiten.....då dusja eg ho. Protesterte ho? Nei, ho stod så fint, så å ha hundane i badekaret gjorde susen, Marianne!

Syns ho byrja å bli litt forkjøla, ho har hosta litt.....Er dette normalt og kva bør eg vera merksam på?

Ellers går det bra. I natt har vi hatt soveromsdøra lukka....gjett om det var godt å sova med frisk luft igjen! No ligg ho i buret mellom to og tre timar frå morgonene av, så får ho ein pause før ho sit ein til to timar igjen. Det går fint!

Men hjelpe meg som ho veks, det er mest som du kan sjå det;-) Det nærmar seg vel chip og vaksine snart, var det noko meir?

21.11.2010

Freya vert større.

Berre på den veka vi har hatt Freya så kan vi sjå ho er blitt større. Det er så som så med apetitten, men ho ete omlag 50 g tørrfòr tre til fire gonger. Er dette nok? Harald vegde seg først så tok han Freya med på vekta og då var ho 4, 5 kg.

Ho er ikkje glad å gå ut i mørke...då stritter ho i mot det ho kan. Med refleksvest på vert det heile komplett kaos! Då legg ho seg flatt ned og nekter.... Det er litt jobb som ligg føre oss når det gjeld å gå i band.

I morgon skal vi byrje på kvalpesosialiseringskurs, og det vert spennande.

19.11.2010

Ballen med det rare i...

Besøk i båten

I dag har vi teke med oss Freya til båthamna. For første gong fekk ho vera i buret i bilen, noko som ikkje var så pop..... men når vi kom fram til båthamna gjekk det veldig fint, ho gjekk til og med på flytebrygga som var med gitter, ein smal tarm som førde ut til båten. Ho var skeptisk, men med litt pølse gjekk ho med på det. Så løfta vi ho opp i båten og der var det litt betre. Gleder oss til våren igjen så vi kan ta ho med.

Ellers fekk ho gåve av Rafi i dag. Ein slik leike som vi fyller med noko godt, og den var god!!!! Rafi, som er ein breton, er så kjekk og Freya blir så vill. I dag i ein vilter leik, trakka Rafi på Freya og då vart ho litt redd, men kanskje greitt at ho ser at ho må ta det litt med ro?

Ho er utruleg oppfinnsom når ho skal leike inne. Ho styrer på...flytter leikene frå buret og utpå teppet sitt. Held på å le meg ihjel av ho! Har filma ho, men det må eg setje meg inn i først så får vi sjå om eg greier å få til noko.


18.11.2010

Dagane går


I dag har vi vore ein liten tur til stranda igjen, og det er kjekt. I dag var vi på ei anna strand, og det vart litt skummelt når sjøen laga lyd.... Men Freya gjekk laus, men var heile tida i nærleiken av meg. Når eg akkurat hadde teke bandet på ho så kom der jammen ei lita tispe som ville helsa på meg. Det gjekk kjempefint, sjølv om dei var i band. No har ho helst på tre ulike hundar desse dagane.



I natt gjekk det bra, buret var tørt og vi høyrde ingen lydar. I dag har ho vore aleine i stova inni buret i to omgangar, først to timar så ein pause på halvannan time for deretter å vera aleine i ein time. Men ho var litt vilter når eg sette ho inn i buret, noko som gjorde at ho klynka litt ei kort stund. Så det gjer vi ikkje ein gong til!




No har eg fått helsa på kaninen og den hadde flott hus, men eg kom ikkje heilt inn.......



No er eg og blitt betre kjend med katten, men vi er ikkje perlevenner enno!

Freya likar å bite, så det må vi jobba med. Og utruleg bra du skreiv om fuglane, Marianne at vi ikkje skal stoppe opp å sjå på fuglane, for det var ein del fugl nede ved sjøen. Det vart ikkje noko av parkeringshuset i går, vi dro til Olabesten i staden så då fekk eg bli kjend med nye folk! I morgon trur eg vi må ned i båthamna å sjå, kanskje vi kan gå oppi båten vår?

Men det går bra her hjå oss og vi glede oss til det blir helg for da kan vi ut å kose oss ekstra!

17.11.2010

Utruleg...så langt!

Ja, no har vi hatt Freya heime her i 4 dagar og vi er kjempenøgde! Ho er så snill og grei at eg tenker kor tid snur det? Men no har ho lagt aleine i stova i to netter utan å ha tissa eller bæsja! Vi er like sjokka kvar gong. Det hjalp og ikkje gje ho så mykje mat og drikke for seint om kvelden, Marianne! Vi ligg på soverommet vårt, men vi har døra open...sålei høyrer vi ho lett. Då har vi lagt ho inni buret i 23 tida og så vaknar ho når vi står opp i seks tida. Då er det ut på do for deretter og vekke Håvard og Marie....og då går halen skal eg sei. Vidare får ho vera ilag med oss fram til i åttetida. Ho får mat litt før slik at vi rekk ein liten tur ut. Så er det inni buret og då er ho trøytt allereie så det går greitt.

Vi har sløkt alle lys og så set vi radioen på og så har vi vore nede i kjellarstova. I dag har ho vore ein time aleine, og ikkje ein einaste lyd. Så no har ho lege der i halvannan time, heilt stille. No byrjar ho å vakne medan eg sit her og skriv ved sida av ho. No skal vi ut ein liten tur i solskinnet. Eg vil ikkje gjere så veldig store sprell om føremiddagen då ho skal vera alein i denne tida.

Ellers må vi få øva på å kjøyra bil i bur, det har vi ikkje prøvd enno. Ellers har Harald jobba litt med "hundeskolen" til marianne. Men no har det seg slik at han kunne gå på jobb i dag då min rygg ikkje vil samarbeida med meg i det heile. Var hjå kiropraktor i går, men kan omtrent ikkje bøye meg eller gå i trapper:-( Så no skal eg vera heima nokre dagar, men Harald får ta over etter det, såleis får vi ein mjukare overgong til kvardagen. Men eg syns det er pyton å vera heima, men med Freya vert det sikkert kjekkare.

Må også få nemna at ho har allereie helst på to hundar. Ho elskar hundar! I tillegg ser vi at ho er svært glad i menneske, både når vi har besøk eller møtar andre ute. Då vil ho bort og helsa på alle! I dag tenkte vi å ta ho med i parkeringshuset og innom dyrebutikken.

14.11.2010

Bli kjent

Ja, da var ein ny dag snart over. I natt gjekk det ganske bra, men måtte ut to gonger. Vi låg i stua og eg låg ved sida av buret slik at eg nådde handa bort til ho. Ho var nok litt meir uroleg i natt, men svært lite. Eg ignorerte henne. Men når klokka var 07.30 stod vi opp då dette er ei tid vi vil vere oppe til kvardags. Ho hadde ikkje tissa i buret i natt, men tissa ein gong på golvet med ein gong ho kom ut av buret.

Ho har sove ein god del i dag...så eg er spent på natta. Men vi har vore nede til sjøen og ho har gått laust i heile dag. Ho har sprunge og kost seg ute. Eg er redd for at ho skal stikke av, men vi har fora ho med skinke dei gongene ho kom til oss. Eit godt tips dette, Marianne!

Men i mørket er det meir skummelt..... Då set eg meg berre rett ned og vil helst berre inn med ein gong. Eg har band på ho om kvelden for då er eg ekstra påpasseleg.

Ellers har ho fått leike med ein 6 års gammal gut...og då var det texas gitt!

Men magen har vore fin så langt, men ho søv som sagt ein del og drømmer litt......eg seier til Harald: Trur du ho lengtar etter mammo si? Uff, ja eg syns det er trist eg...tenker liksom så mykje unødvendig på slikt og syns synd i ho. Men ho har det godt her då og ho har vist at ho er trygg med oss.

Ellers prøvde vi å gå frå henne i 5 min inne i buret og det gjekk kjempefint så i morgon får Harald berre gå igang med aleinetreninga. Ellers skal han kjøpe kost og starte på "kurset" til Marianne.

Nei no skal eg kose litt før ho legg seg for natta!

13.11.2010

Endeleg heime igjen!

Ja, da har vi endeleg komen heim etter 15 timar bilkjøring fordelt på to dagar.

Vi kom ned til Marrianne og Kevin fredag om kvelden og der var det full guff på alle hundane. Så store dei var blitt! Vi koste oss og når det var blitt gjespetid gjekk vi å la oss. Eg hadde Freya i buret inne hos oss og det gjekk kjempefint. Eg stakk nokre fingrar inn til ho innimellom når ho rørte litt på seg. Når klokka var litt over åtte vakna ho og vi stod opp. Ho hadde nok tissa litt iburet, men ellers var ho sååååå flink!

Før vi skulle reise i dag  gjekk alle saman ein tur i skogen. Då vi tok til å køyre sovna ho med ein gong....og slik var det heile turen. Ho tissa ein gong på teppet sitt, men ellers tissa og bæsja ho dei gongene vi stoppa og lufta ho. Men ho sov når vi kjørte1 Ho har til og med tatt to ferjer i dag!

Når  vi kom heim var det ei anna som venta på oss, så da var allereie møtet med katten gjort, men trur vi får ta resten i morgon.... Men det gjekk ganske fint. Så når Harald henta buret spratt ho inni det før han hadde fått sett det ned :-)

Nei, så langt er eg utruleg imponert over den første dagen! No skal vi ut på lufting....for det første ho gjorde når ho kom inn var å bæsje...No er det MAT og den tar vi ute! Glede meg til i morgon!!!

11.11.2010

1 dag igjen.....


Ja, da var det siste kvelden før vi skal kjøre i morgon for å hente Freya. Ute bles det som verst, men det skal roa seg utover dagen i morgon.... Vi kjører over fjellet, då meldingane ser greie ut!

I dag har vi handla inn siste rest så no er vi klare! Katten går no rundt og håpar på smakebitar av det nye fòret...det var godt det! Ja, ho skulle berre visst kva som venter...har til og med vore inne i buret ein tur :-)

---------G-L-E-D-E --------------M-E-G-------------------M-A-S-S-E-------------------

08.11.2010

5 dager igjen....

I dag er eg heime på grunn av ei haustforkjøling, no måtte det jo sjølvsagt bli meg. Begge ungane har hatt det, så slik er det vel berre. Den siste tida har nok vore for travel slik at immunforsvaret har ikkje vore på topp. Eg tek vidareutdanning i historie og skal ha eksamen 6. desember....og då er det stoppp! Trudde det gjekk fint i tillegg til 100% jobb, men det vart for travelt....men skal berre halda ut bittelitt til!

Eg var på Mamma Mia i helga og det var kos, både show og hotellopphald. Godt å koma ilag med kjekke damer innimellom:-)

Men no er det nedtelling for alvor. Meg og Harald sat og snakka om kor vi skal la Freya få sove dei første nettene? Ho kan vel ikkje sova inne hjå oss? Trur nok kanskje ho kan ligga ute i gangen ved sidan av gjesterommet, der står alltid døra open og lurte litt på å ha buret ståande der i starten. Om natta har eg tankt at ho kan liggja utanfor vårt soverom (alle soveromma er i same gangen) med buret sitt ope.....Så kan vi kanskje ligge på gjesterommet dei første nettene? Er det nokre andre der ute som kan gje nokre råd her?

Ellers håpar eg turen går fint. Lurer på å kjøre over fjellet, tek liksom mykje kortare tid....5-6 timar effektiv kjøring, men heim må vi vel rekne meir tid ja.....Men vi gler oss!!!

30.10.2010

Da var vi i gong.....

I dag har vi vore på litt shopping. Vi har fått tak i eit brukt bur av ein eg kjenner. I tillegg har vi vore å kjøpt refleksvest, klosaks, bæsjeposar, band og ein leike. Vi måtte tenke at Litla Freya måtte ha ein liten refleksvest, slik at den satt best mulig...Den som fekk prøvd denne var ikkje så nøgd med den:-)

Ellers er teppet og ein nyinnkjøpt leika, samt ein godis sendt i posten til Litla Freya . Håpar vi har fått nok lukt i det...;-)


Her er Vari transportbur som eg har tenkt å ha i bilen
Jammen, det var no litt av noko tull dette....skal eg liksom ha den på meg?

28.10.2010

Mentaltest

Ja, i går var Litla Freya på mentaltest. Denne viste at ho var ei vilter jente....svært tøff! I utgangspunktet ønska vi oss ein roleg hund, men sjølvsagt ikkje så roleg at den berre labba rundt oss, som mannen min sa. Så i går når vi fekk vite resultatet kunne vi jo ikkje gjera anna enn å innstille oss på enda litt meir jobbing i det første året. Og det skal vi greie!!!! Dessutan har Marianne sagt at ho vil følge oss tett, noko eg er svært takknemleg for. Det kan jo hende at det går betre enn forventa, men det er bra å vera godt førebudd.

Vi sette oss ned å snakka ilag, kanskje vi skulle ha byta til ein annan kvalp? Men ungane vart lei seg og var positive med ein gong: "Aktive hundar kan bli god i agility, om vi må rope nokre ekstra gonger på ho så kjem ho jo til slutt" osb. Vi har sett så mykje på ho, på film og dessutan har vi ho på mobilane våre, data og bilde på veggen, ja alle er blitt så glade i ho! Så det første minstejenta spurte når ho vakna i dag var: "Har du bestemt deg for å byta hund?" Nei, det skal vi ikkje svara eg! Og det er utan tvil Litla vi ønsker oss :-)

Men eg er glad for at Marianne har teke kvalpane på denne testen, då vil jo vi kunne lettare få gitt Litla det ho treng her i vår familie.

25.10.2010

Tida nærmar seg....

Ja, no går tida så fort og eg kjenner meg brått så lite kunnskapsrik når det gjeld å få ein kvalp i huset. Vi les litt innimellom og snakkar om kva som er viktig. Om det er nokre der ute som har nokre gode tips å gje så tek eg gjerne i mot. Men om de skal gi dei to beste råda, kva vil det vera?

No har eg vore innom nokre sider her på nettet og det er så mange sider der dei snakkar om at islenderen berre bjeffar! (Sjølvsagt bjeffar dei...skulle jo berre mangla, dei er jo hundar!) Men eg har truffe både mor og far til Litla Freya, men eg har ikkje høyrt noko bjeffing. Då tenker eg at å ha "foreldre" som ikkje bjeffar, der det ikkje er noko problem må vera eit godt teikn. Men eg kjenner eg vert litt skjelven og tenker det er vel noko som vi må vera ekstra på vakt med.

Eg veit eg kjem til å få gode råd av Marianne og det er så godt å vite det.... Men kva tenker de andre som skal få ein islenderkvalp?

Ikkje misforstå meg, eg gler meg VELDIG!!!! Men tenker at gjer vi ein kjempejobb no i starten så får vi ein hund som det vert lite problem med.

24.10.2010

Ny bil

No har vi endeleg fått oss ny bil, ein Volvo V70. Nokre som har gode tips til størrelse på bur vi skal kjøpe? Det nærmar seg no, så vi får vel ut å shoppe litt snart. Men først er det bur.

21.10.2010

Nokre bilder av Litla Freya under besøk i haustferien.





Kvifor hund?

Eg har vel alltid tenkt at eg skal få meg hund ein dag, men ikkje heilt vore klar for det. På grunn av små born, hektiske dagar og at mannen min ikkje har vore så villig har det liksom ikkje vore spørsmål om det enno. Men etter som tida går byrja livet å endra seg litt. Ungane treng oss ikkje på same måten som før, dei tuslar ofte med eigne saker og vi vaksne får litt andre kvardagar. Men ikkje fordi det ikkje er travelt, dei treng masse tid frå oss enno, både til oppfølging med skulen og fritidsaktivitetar.

Etterkvart byrja vi å snakka om hund, men denne gongen sette vi fokus på det positive med å ha ein hund. Ofte ender vi opp med å fokusere på alt av arbeid og ansvar som følgje det å ha hund. Ja, det er viktig å ta med det, men ta også med det positive. Alle som har hund veit dette så det brukar eg ikkje mykje tid på, men kan berre ramse opp nokre viktige moment for meg. Ein god turkamerat som eg kan gå med etter ein hektisk og stressande dag, ein som alltid tek imot oss når vi kjem heim, ein eg kan grina med, ein som føl meg- også når dagane er vanskelege og til slutt eit viktig familiemedlem for ungane og oss. Eg er overtydd om at born har godt av og ha eit kjæledyr.

Så kva bestemde vi oss for? Jo, islandsk fårehund. Vi sjekka heimesidene til klubben og tok kontakt med dei for å få tips til kor vi skulle få tak i kvalp. Det var ikkje så lett, for det er ikkje så mange hundar i landet og akkurat no var det ingen kull på gong, Men etter ei stund kom det inn eit tips om at Marianne, oppdrettaren vår, hadde planlagt kull på Embla. Så no byrja vi å leite på nettet om vi kunne finne noko om marianne og embla....og alle her veit kva ho finn på ;-) Så mange flotte bilder av hunden og alt å lese på hennar blogg gjorde at vi bestemte oss for å ta ein telefon....

Ventetida på løpetid, resultat av parring, antal og om dei var friske og greidde seg, alt dette gjekk s-e-i-n-t!  Vi reiste til Haugesund og hilste på både mor og far og var, utan tvil, kjempefornøgd med det vi hadde sett. Men til slutt kom der jo 7 flotte kvalpar og Litlaa Freya var den jenta vi skulle få.

Vi var nede og hilste på kvalpane og marianne og dei var berre heilt...ja, ubeskrivieleg . Så no er det tre veke att til vi skal hente ho og dagane går plutslig unna. No må vi få tak i bur og litt ymse. Så får vi sende hundeteppet som vi har fått inn litt lukt i..

Vi gleder oss iallefall!