I går var eg på dyrebutikken med Freya for vi skulle kjøpa ein ny sele til ho. Der var det fuglar og spennande ting du, men eg vart litt vel stressa då så vi betalte og fòr på dør. Apropo dører. Tenk at ho gjekk gjennom to senterdører utan problem...flinke jenta!
Det var meininga at jenta mi skulle vera med veninna på hyttetur denne veka, men det gjekk jo i vasken....det var trist det. Kva finn vi på då? I dag er guten til by`n med ein kompis i skatehallen så vi må til by`n og så eg har bestilt hotell til i morgon så då dreg vi på jentetur og shoppar litt...
Kva anna har vi gjort? No fekk eg sjansen til å jobba vidare med bunaden til Marie. Så no er brystduk og belte ferdig og no held eg på med stakken....kom endeleg i havn med faldene og matematikken i går....puh! (trur no det iallefall)
Ha ei flott helg, folkens!!!