14.06.2011

ØS PØS

Ja, i dag kan vi finne fram regnkleda og gå tilbake til kvardagen, det fine været vi fekk i pinsa må vi nok leva lenge på.....

Men her i huset går tida med til avslutninger her og der, kvifor må alle leggje avslutningar i desse to vekene??? Men no nærmer det seg ferie....Åh, det skal bli godt!

Først skal vi på treff til Marianne, noko som vi gleder oss masse til. Deretter går ferden til sør Sverige og teltlivet. Om det blir regn så får vi legge oss inn på hotell eller i verste fall reise ein annan stad. Planen er å stoppe opp i Strømstad for så å komme oss ut til øya Koster på dagstur, som i følgje min mann skal vera ei fantastisk øy. (spørsmålet er vel om den er like fantastisk med familien og ikkkje på seilferie med gutta?) Vi skal ein tur til Stocholm å besøke eit søskenbarn av meg og i same slengen få oppleve litt... Blir spennande detta!?????

Var hjå vetrinæren og fekk diverse reseptar her forleden. Så no har eg fått henta kortisontabl i tilfelle hoggormbitt, exspot og tablett for bendelorm, den vi må ha før vi reiser heim att frå Sverige. Så håpar eg har fått det meste.... Andre ting som er viktig med tanke på ferie? Tek gjerne imot tips då det er første gong, på 20 år, eg skal  feriere med hund.

Freya er ei rar jente av og til....ho er så sosial at det er til tider utruleg. Førre dagen støvsugde Harald badet, eg vaska der og til og med da måtte Freya vera rundt beina våre...snakk om å gå oppå kvarandre. Ho er iallefall ikkje skeptisk til støvsugaren.... Set eg ho ut i band står ho klin oppi stovedøra i håp om å koma inn til oss, kan jo aldri i verda vera aleina ute. Er du gal? Det er jo bra, sjølvsagt, men det kan bli litt slitsomt innimellom... Til og med i solsteiken, som vi fekk oppleva denne helga, låg ho med beina våre i staden for å liggja to meter ifrå og til og med få skugge.... Ja, ja...dette visste vi jo...Men det er jo berre kos!

Her kjem nokre bilete frå pinsa...ha ei flott veka, snart ferie:-)










2 kommentarer:

  1. Hehe....vi får håpe vi får en skikkelig fin sommerhelg når dere kommer til sørlandet! Vil gleder oss til besøk!!

    Herlige bilder av diltedalten deres ;)

    SvarSlett
  2. Håper dere får det kjekt på treff! Eia var vi der... Kos dere MASSE!

    Koselig å lese om hvordan det går med dere og skjønne Freya.

    Fortsatt god sommer :-)

    SvarSlett