01.06.2011

Ruskevèr

I dag er eg heime frå jobb, har pådrege meg ei vårforkjøling. Typisk! Eg må nok ete meir fisk....;-) men iallefall så får eg litt tid til datamaskina, og såleis eit ørlite blogginnlegg.

Dagane har vore travle, vi har feira bror min sin 50 års dag. I det høve skulle vi ha gjester og sang og diverse som skulle gjerast. Det var ei kjempekjekk helg!!! Ellers går dagane med til rydding og litt vasking, syns det ser pyton ut langs lister og tak. Uff, ikkje berre berre med lyset som stig inn.... Det er ikkje solstråler det er snakk om, for dei er lenge sidan vi har sett. Vi har hatt eit forferdeleg vèr i dei siste vekene, kaldt og regn. Men vi har no kome oss ut på tur med Freya, men saknar litt lengre turar som på nokre fjelltoppar. men det kjem vel....

Ein dag var det så ille at det ikkje vart noko tur på oss. Ser at Freya kjedar seg då....så her må vi vera kreative. Kva gjer vi då? Jo, set på filmen om islandsk fårehund, det var kjekt det! Ho elskar å sjå hundar på tv. Vidare fekk ho eit mentosrøyr for å tygge sund, også dette fall i smak.

I kveld skal vi på hytta på Tysnes og deretter skal eg vidare med studieveninnene mine på ein annan hyttetur. Det gleder eg meg veldig til, vi har det alltid så gøy!!!No går tida så fort og det er ikkje lenge til ferien byrjar...og den startar med treff hjå Marianne. Det skal bli kjekt å ta med Freya utan løpetid så ho kan få springa og leika masse!

Ellers får de ha ei strålande langhelg alle i hop!!!



Det er så kjekt å sjå på tv...

Ok då, eg e jo litt flink..?

Åh, eit par solskinsstrålar....

Til og med katten prøver alt for å komme seg inn....

Og jammen lukkast ho....og eg som nett hadde vaska vinduet....

2 kommentarer:

  1. Hehe..digger katten din Janne..Jammen med klarte ho det ikke!!
    Å Freya da, som ser på TV ,) Å forsøpler stua med mentosrør! Det er skikkelig snadder! Embla digger dorullhylser ;) De blir det også pent av på stuegulvet! rene limet det der!

    Vi har også hatt regn i en uke nå..Men i dag skinner solen fra blå himmel, og YR påstår at sommeren er tilbake på sørlandet ;)

    SvarSlett
  2. Hei på deg der på andre siden av fjorden! ENDELIG skinner solen og varmer så deilig over vår plass på kartet også! Jammen meg vélfortjent etter ukesvis med plaskregn, kaldt og forblåst vær!

    Skikkelig blinkskudd du har knipset av katta, haha. Det høres ut som Freya har funnet seg godt til rette. Koselig å lese og se bilder.

    Riktig god helg fra Balder og meg :-)

    SvarSlett