18.05.2011

17. mai

Ja, da var det tid for 17. mai. Vi vakna til ein heidundrande salutt, vi fekk Freya ut av buret og ho fekk liggja litt i fotenden av senga vår. Eg trur ho vart litt forskrekka og såleis ikkje høyrde noko til denne. Freya vart med oss i toget, og det gjekk veldig fint. Til og med nokre russ gjekk bak oss og ropte i nokre ekle høytalergreier...det var vel det einaste som ho syns var pyton med heile toget. Men når vi kom til skuleplassen sette vi ho inn i bilen så ho fekk slappe av. Ho var kjempeflink!!!



Så fekk vi endeleg bunaden ferdig og Marie var super duper stolt!




Men no var det prosjektet over så da står det litt andre prosjekter for tur. Vi skal beise terrasse og male litt så no må det bli litt fint vær igjen. I dag var det berre 8 gr og det er for kaldt..... Men vi har hatt oss ein liten tur på ein ås i dag og noko som eg har merka meg med Freya er. Ho likar ikkje å gå nedover bratte stiar/ vegar. Kvifor? er dette vondt for ho? Nokre tankar om det?
 
Nei, no får vi prøve å få i Freya litt mat. Det er ikkje det enklaste som finns.....

2 kommentarer:

  1. Så flott bunad du har laget til jenta de!!

    Liker hun ikke å gå i nedoverbakker? For noen rare ideer den jenta har da..Jeg foreslår at du bare totalt ignoerer det å later som om det aldri har skjedd..Gå i mange nedoverbakker fremover, lek med ball og freesbee, og strø godbiter nedover bakken ;)

    SvarSlett
  2. Det var da flotte 17 mai jenter!! For en flott bunad da :-)
    Skikkelig fin sløyfe Freya HAdde, fikk den sitte på hele dagen?? Er i såfall utrolig imponert :-)

    SvarSlett