10.05.2011

Sommar

Ja, da var vi allereie komne til sommaren her hjå oss.... iallefall for ei lita stund. Vi har hatt ein utruleg flott periode frå tida før påske og fram til no. I dag har det regna litt, og eg må ærleg innrømma at det var deilig...og den gode lukta. Så får vi sjå kva vær som kjem til 17. mai? Vi vil jo sjølvsagt ha sol så vi kan visa oss fram i bunadane våre (som snart er fiks ferdig) Vi lurer no på om vi skal ha Freya med oss i toget? Blir jo så lenge aleina ellers.... Vi ser.

Meg og Freya har vore på nokre fjellturar. Det er kjekt det, men ikkje når vi møter hoggorm. det har vi gjort to gonger og andre som går tur ser dagleg dette ekle krypet....Må vel få tablettar, nokre erfaringar og tips å kome med?

Ellers nærmer det seg bloggtreff hjå Marianne, vi starter ferien vår og tar oss like godt turen ned for å helsa på familien og hundane...Vi gler oss til det. Etter det skal vi til sør Sverige på telttur. Vi har aldri vore sør i Sverige og ungane har mast på oss lenge, så no når vi har fått oss hund får vi prøve det ein gong. Planen er først til Strømstad for å ta oss ein tur til øya Koster. vidare skal vi heilt sør for å kikke litt rundt. til slutt skal vi til Stocholm å besøke slekt. Så heim igjen. men i slutten av ferien skal eg og ungane ha oss ein tur med pappa på hytta hans i trøndelag. Så får vi sjå om alt går etter planen? men det er jo ei god stund til enno......

Harald har jo vore i Kina i to veker og har hatt kameraet med seg, sjølvsagt. Difor har det vore lite aktivitet her inne med meg, men på søndag vart det litt knipsing innimellom....


Åh, det ser så kjekt ut...vent da....

Litt gøy da fordi om eg ikkje tør å gå så langt uti da...





Dette er det kjekkaste eg veit... slikt gjer vi kvar dag...

Sjøvsagt fordi då får eg drakamp!


Og så den tunga då.....


Epletreet er i ferd med å avblomstra...

Men syrinen kjem for fullt

4 kommentarer:

  1. Ja ta med dere Freya i 17 mai toget! Jeg har kjøpt sånne fine 17 mai sløyfer til mine (Silkebånd, breie med norske flagg farger på), å de blir såå søte der de går ;) Kanskje du skulle kjøpt sånn bunadsjal på sparkjøp som hun kunne hatt rundt halsen? Hehe...nei det er såå kjekt å pynte de å ha de med i toget!!

    Vi gleder oss til dere kommer ned på treffet!

    Husk å kjøpe sånne piller mot den ekle reveormsaken de har i sverige før dere reiser. Drontal eller noe heter den, får den på apoteket.

    Masse herlige bilder forresten ;)

    SvarSlett
  2. Vi gleder oss til å treffe dere på treffet :-) Skal bli hyggelig.. Vi kommer med våre "rabagaster", apekatter, klovner, eller hva vi nå skal kalle dem :-) Men vi får vel de hundene som passer inn til resten :-)

    SvarSlett
  3. så mange fine bilder:)
    ja,vi lurer også på å ha med oss Gulli i toget,tror vi skal de!
    Ha en fin 17.mai:)

    SvarSlett
  4. Flotte bilder, Freya svømme nok snart, Heike elske det, og ballgal, ja det er vel arvelig:-)

    SvarSlett