02.04.2012

Heisann....

Som vanleg er det lenge sidan eg har blogga sist, og skal jo alltid bli betre. men, men... Tida har iallefall gått og snart er vinteren på hell. I dag var det berre 3 grader då vi var ute på tur, og snøen har krope ned fjellsidene. Vi var jo klare for våren, men vi veit jo at på denne tida kan vi få alle årstider.

Sjølv har eg vore sjukemeldt ei tid, men pga vi er såkalla IAbedrift har eg vore på jobb. Eg likar meg godt der, men no har eg måtte bremsa litt. Er i halv jobb no, og difor er eg heime to dagar i veka. Sånn er det berre, satsar på å kome attende etterkvart. Såleis har det vore ein del turar i skog og mark, noko som Freya tykkjer er svært så bra!

 

No har vi påskeferie og ungane har allereie reist til besteforeldra på hytta. Her har dei nokre ungar som er på same alder og då er det jo reine himmelen, og dei kjem forhåpentleg heim att på onsdag. Dei var også der i vinterferien, men då hadde også vi vaksne oss ein tur. Flott natur på Tysnes!






Turkameraten til Freya


Førre helg var vi på hyttetur til Vågslid i saman med to andre familiar. På grunn av allergi måtte vi la Freya vera heima med eldstemann. Her leigde vi oss ei leiligheit midt i alpinbakken og det var berre heilt topp!! Så då fekk både små og store stått på ski, og det er jo så gøy! Ja, eg kjende det godt i kroppen i nokre dagar, kan de sei......


Ikkje alle som likar fotoapparat;-)
Utsikta vår. Flott?

No i påska har vi ingen planar, vert vel kanskje ein tur og to til fjells. det har jo kome nysnø og det reddar jo sesongen til fjells. Ellers er det jo så fint å gå i låglandet når det vårast.


Ira, den bete av alle <3

Ja, da var det størrelsen på pinnen igjen.....typisk:-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar