03.02.2012
02.02.2012
Snart vaksen
Skal sei det skjer endringar her hjå oss! No nærmar Freya seg 18 mnd og ho byrjar å bli ei stor dame. Når vi går på tur kan ho gjerne setje seg ned ved annankvart tre....ho må liksom skvetta frå seg nokre dråpar heile vegen. Ho hadde si andre løpetid rett før jul.
Vi treff ein del hundar om fredagen og førre fredag fekk vi ei ny oppleving med jenta vår. Ein diger schæfer viste interesse, men diverre var han litt "plagsom" intr...dette var ikkje gøy! Kva gjer Freya då? Jo, eg kan jammen bjeffe og gje beskjed, til og med flekke tenner! Eg heldt på å gå i bakken, då dette var ei side eg ikkje hadde sett før. Men, samstundes godt og, at ho kan gje beskjed....er jo berre vane med at ho legg seg flat på ryggen.
I tillegg har ho tendens til og gje litt meir lyd når vi køyrer bil, går inn/ ut av bil, nye stader osb..... men reknar med at dette er litt stressrelatert? Når ho ser dyr, i sær hundar/ ulvar går ho bananas her i stova...pip og vert uroleg stakkar. vi synes dette var litt gøy i starten, så kanskje vi har skrudd ho litt unødvendig opp.....
Men snakk om snill og deilig hund!!! Ho er jo så god den jenta vår, så mykje ho tilføyer familien vår....
Neste helg er det utstilling og vi er ein del islendere som skal og det vert spennande å høyre kva dei synes om Freya!

14.01.2012
Freyas første skitur
Ja, dag var det tid for skitur med Freya. Vi må kjøre ein liten time før vi kjem oppå fjellet. Men før det skulle vi jo finne fram alt utstyr til heile familien, samt mat og sekk og ditt og datt....Freya, stakkar, er jo allereie superstressa. Så må ho jo sjølvsagt ete noko hundedrit i hagen (håpar for hennar del det var nokre andre sin...noko eg heller tvilar på). Men GUUUU for ein stank i bilen. Nei, dette går ikkje. Så inn i kjelleren på badet og inn i dusjen, kroppen utanfor, kan jo ikkje bli blaut når vi skal opp i kulda...så skylle, skylle, skylle og atter skylle munnen..... men det hjalp!!! Men det var ingen kjefting, men trur nok ho skjøna såpass at det var svært lite pop!
Vi kom oss iallefall opp. No er ho jo glad og fornøgd...men svært skeptisk samstundes...Kvifor går alle folk her oppe med slike ekle stavar og nokre har hjelmar...? Ho undrar seg på dette, men er forholsvis roleg.
I dag er det meg og Freya som skal gå på langrenn, dei andre står slalom. Vi går ein tur i preparert løype og ho går ganske fint. Spring når vi renn nedover...men er nok litt skeptisk dei ekle skistavane. Eg har strikkbånd, eller kva det heiter, og tursele. Eg vil ikkje at ho skal dra meg. Men kva utstyr bør eg ha? Eg har ho festa i magen så henda er frie. Eg har ein drasele, men den HATER ho...Kan nokre fortelje meg korleis eg bør gjera dette. Ellen, er du der?
Eg hadde ikkje kamera med meg, men berre mobil, stavar, vottar og....difor berre desse bilda. Men håpar på ein tur snart for dette var gøy! Ho hadde fått ein omgang med potefett.
Så eit par andre spørsmål. Eg synes at ho frøys, pga ho skalv medan vi sat i ro. Men, det var jo berre minus 1-2 grader og vindstille? Men kan ho skjelve då ho følar seg litt uttrygg og usikker?
Kva gjer eg med problemet: ete skit? Ho hadde dette ei lita stund medan ho var kvalp, men dette har teke seg oppatt. Er det vitaminmangel eller anna?
Ha ei fin helg!!!

11.01.2012
Kvardag igjen....
No er det kvardag for fullt! Men det er jaggu deilig å koma i gang igjen. Det var tungt å stå opp i starten og snakk om trøtt i løpet av dagen...synes eg gjespa i eitt eg... Etter eit år utan trening på treningsstudio er eg der igjen. Eg bestemte meg for å ta meg eit år fri pga Freya. Men eg har merka at kroppen har skranta meir enn før. Å gå turar med Freya er sjølvsagt fortsatt viktigast, ho er jo turkamerat nr. 1!!!!!
Eg har gått til kiropraktor omlag ein gong i mnd i fleire år, men no i haust flytta han....så no skal eg prøve meg utan???? Etter å ha delteke på ein såkalla "ryggskule" har eg skjønt at allsidig trening er tingen for vond rygg og nakke, så kryssar fingrane for at dette skal gå bra.
Vi har hadde nokre små oppussingsprosjekt før jul, og det følast godt å vera ferdig.....så langt;-) Såleis har vi plutselig ein del fritid. Kva gjer vi då? Jo, ut i skog og mark. Men, akk nei.... Vi har hatt eit forferdeleg vèr, den eine stormen etter den andre, for ikkje snakka om alt det regnet! Så difor bestilte vi lika gjerne oss ein sydentur til sommaren. Men sjølvsagt med litt blanda samvittigheit....Jo, Freya vil jo sjølvsagt synes dette er noko forbaska tull! Vi håpar det ordnar seg med pass, svigers har iallefall fått spørsmålet....
Nei, det får vera nok for denne gong. Legg ved nokre bilder. Ha ei strålande helg alle saman...og kom igjen med blogginga!!!!

31.12.2011
Godt nytt år!!!!!
Jammen er det siste dagen i år 2011 og eit nytt står på trappene. Her i huset kan vi sjå tilbake på eit rikt og godt år med Freya. Med handa på hjarta har eg ikkje angra ein einaste dag på at vi skaffa oss hund, så utruleg snill og god ein hund trudde eg ikkje fantes! Ho elskar folk og andre hundar og er så utruleg flink når vi møter dei. Eg er blitt så trygg på korleis ho reagerer i møte med nye hundar og menneske, og det betyr mykje!!!
Men no skulle eg eigentleg ynskje alle eit riktig godt nytt år og så håpar eg vi vert flinkare å blogge, treng jo ikkje vera så mykje nytt kvar gong, berre nokre ord om korleis det går....Så sjølvsagt håpar eg vi møtes i året som kjem, enten om det vert på utstilling eller treff?
Så Godt Nytt år, folkens og håpar vi får eit fantastiks år alle saman!!!
25.12.2011
God Jul
Ja, da var julo her. Endeleg kom det ein dag der eg kunne setje meg ned i sofaen og laga eit innlegg på bloggen vår. Eg har jo rikeleg å skriva om, men det får vi sjå om vi kan kome innom etter kvart. Dagen i går vart feira heime hjå oss sjølve, og far og bror min feira ilag med oss. I går stod det sjølvsagt pinnakjøt på menyen, noko som smaka fortreffeleg godt. MEN, neste år skal eg hugse å la kjøtet liggja litt lengre i vatn. Eg har alltid pleidd å vatna det i omlag tolv tima, men synes enno det kunne vore litt lengre...så får vi sjå om vi hugsar det neste år.
Kvart år så trur eg at eg skal få sjå tre nøtter til Askepott, men heller ikkje i år fekk eg tid til det. Det er alltid litt dekorasjonar og dill som ikkje er ordna ferig, og slik vart det jo sjølvsagt i år og. Men men.... Julegrauten vart servert rundt eitt og då var vi samla men svigers og svoger. Mett og god og ein liten kaffikopp før neste stopp. Då klokka er halv fire tek eg med meg minstejenta og dreg til kyrkja. Her tenne vi lys på grava til mamma og så går vi til julegudsteneste. Endeleg kan skuldrane senkast og eg kan slappa av! Høgtidleg stemning det der.... Heime styrer mann med julemiddagen og det må jo sjølvsagt gå bra. Kva om det ikkje gjer det?
Men middag vart det og riskrem til dessert. Oppvask og rydding høyrer med, umiddelbart, til unganes store skuffelse. Marie var skikkeleg ivrig i år, så endeleg når vi kunne setje oss ned for å starte skulle ho få byrja, men nei! Dei gamle først, så ho til slutt. Ein og ein pakke.....puh, tek tid, men veldig roleg og kjekk stund. Ungane vart nøgd og eg sjølv fekk meg ei slkikkeleg ovarraskande kaffimaskin, skal sei han greidde det denna gongen;-)
Freya fekk sjølvsagt pakkar, og desse fekk ho opna sjølv. Katten fekk seg ein lekkerbisk, som ho fortærte med ein gong!
Så no i dag har vi hatt den tradisjonelle julefrukosten og skal på ribbemiddag i ettermiddag til svigermor, og ho kan laga ribba!!!! Legg inn litt bilder så får det fortsatt ha ein fin dag!
| Litt julesongar høyrer med.... |
| På veg til kyrkja.... |
| Blir litt stressa av alt dette styret eg..... |
| Deilig med noko å tygge på... |
| Dette har meg og marie laga. Limt på masse kongler og så har vi spraya med snø og glitter...er lys på, men det viser visst ikkje....... |
| Frukostbordet... |
| Vart ikkje tid til store pepparkakebyen i år, men......dette er bornas tradisjon. kanskje dei byrjar å bli store...? |
| 1. juledag må det spilles litt..... |
13.11.2011
Utstilling Stord
Ja, i dag bar det av garde til Stord på utstilling. Dagen starta kl 05.45 og eg fekk med meg minstejenta, snakk om tidleg ein søndagsmorgon. Men det viste seg å vera verdt turen....
I dag stilte Skolli, Vinur og Heike saman med Freya. Kjekt at vi var heile fire islendere.... Vi gjorde det ganske bra alle mann. Det som var artig var at Freya stod igjen i ringen med pappen sin...og sjølvsagt stakk han av med BIR....men Freya fekk BIM og sitt første cert!!!!! Så vi var jo storfornøgd i dag!
Her kjem ein del bilder:

| Nysteikt storfelever......nammis! |
| Kjekt å endeleg få helsa på nokre skikkelege hundar....Skolli! |
| Og der kom papsen Heike og;-) |
Da vart det BIM og mitt første CERT :-)))))
Abonner på:
Innlegg (Atom)